Kampen om Sentral-Asia mellom Storbritannia og Russland på 1800-talet fekk tilnamnet " Det store Spelet". Sidan oppløysinga av Sovjetunionen tidleg på 1990-talet har det vorte eit nytt spel om regionen. Fleire av verdas stormakter og oljeselskap er inne for å sikre interessene sine. Denne gongen er det kome med eit nytt element som gjer kampen endå hardare - nemleg dei store potensielle olje- og gassressursane som ligg i regionen. Trass i store gass- og oljeressursar, er dei sentralasiatiske republikkane i stor grad prega av fattigdom. Utanlandsk kompetanse og investering i området er nødvendig for utvikling av energiressursane. Ei utvikling som igjen er nødvendig for å få bukt med fattigdomen. Spørsmålet er om dei utanlandske investeringane vil kome befolkinga til gode i Kasakhstan, Turkmenistan, Aserbajdsjan og Usbekistan. Desse landa har svært låg levestandard, samstundes som dei er udemokratiske og berykta for brot på menneskerettane.
ENORME RESERVAR
Den
kaspiske sjøregionen, som inkluderer Det kaspiske havet og statane som
ligg rundt, er svært viktig for verda sine energimarknader. Ekspertane
er framleis usikre på akkurat kor store reservane er. Men dei fleste er
einige i at olje- og gasspotensialet kan vere enormt for Kasakhstan,
Turkmenistan, Aserbajdsjan, i tillegg til delar av Russland, Iran og
Usbekistan. Påviste olje- og naturgassreservar i området har vore rekna
til nærare 3 - 4 prosent av verda sine totale reservar. Analyser
tilseier at i 2010 vil den regionale oljeproduksjonen her være like
stor eller større enn det den er i dagens Venezuela, den største
oljeprodusenten i Sør-Amerika.
STRATEGISK TYDING
Stormaktene
sitt spel om Sentral-Asia er først og framst knytt til dei store
naturressursane der. Men den geopolitiske tydinga til området er også
vesentleg. Særleg viktig vart dette etter 11. september 2001 då den
store kampen mot terrorisme byrja.
Som "buffersone" mot sør har
regionen alltid vore viktig for Russland. Etter terrorangrepa mot USA,
har det også vorte svært viktig for amerikanarane å få fotfeste her.
Dette gjer det enklare å kontrollere islamistiske rørsler, særleg i
Afghanistan, men andre sentralasiatiske landa.
Også Kina med sin
austlege, muslimske provins Xinjiang, i tillegg til Iran, Pakistan og
Tyrkia har interesse av å opparbeide seg mest mogleg kontroll over
deler av dei sentralasiatiske folkegruppene for sjølve å kunne vekse
som potensielle stormakter.
MAKTKAMP, ALLIANSEBYGGING OG KONFLIKT
På
byrjinga av nittitalet kunne dei nye uavhengige statane Kasakhstan,
Usbekistan, Turkmenistan og Aserbajdsjan sjå vidare enn Moskva i
leitinga etter investorar til dei enorme olje- og naturgassfelta sine.
Kunnskap om at desse verdifulle ressursane fanst var heilt avgjerande
for at desse statane skulle overleve etter Sovjetunionen sitt fall. Men
det var tvingande nødvendig for regionen å få økonomisk støtte - særleg
frå USA og Vest-Europa.
Amerikanske oljeselskap, som til dømes
ChevronTexaco, var raskt på pletten her rett etter frigjeringa. Men USA
gjekk imot å sende brennstoffet frå dei sentralasiatiske landa gjennom
det politisk isolerte Iran - noko som er den kortaste og mest effektive
ruta. Den nest beste vegen gjekk gjennom Afghanistan og Pakistan. Både
USA og Pakistan valde å støtte Taliban-regimet då det kom til makta i
1996. Målet var å sikre den stabiliteten som investorane kravde for å
gå vidare med planane om ein oljeleidning gjennom Afghanistan og
Pakistan. Det amerikanskstøtta Taliban utvikla seg ikkje akkurat etter
Vesten eller USA sin smak. Og terrorhandlingane den 11. september 2001
var dråpen som rettferdiggjorde eit amerikansk åtak på Afghanistan.
Dette åtaket førte til oppretting av eit nytt USA-venleg styre, som med
tida kan sørgje for stabile forhold -mellom anna for utføring av olje
og gass frå Sentral Asia. Dette er berre eitt døme på skiftande
alliansar med meir eller mindre heldige utfall som pregar kampen om
ressursane i Sentral-Asia.
KRANGEL OM RØYRLEIDNINGAR
Eit
av dei største hindera for at olje- og gassutvinninga i og rundt Det
kaspiske hav kan kome skikkeleg i gang, er at dette havet er innelukka
-utan naturlege eksportvegar for olje og gass.
Den legale statusen
til Det kaspiske hav - om det får status som innlandshav eller som
innsjø, vil grensar til havet. Statusen vil avgjere korleis rettane til
ressursane i havet vil verte fordelte mellom dei fem. Forhandlingane,
som skal leie fram til avklaring av dette spørsmålet, held framleis på.
I
tilegg til det juridiske spørsmålet, er striden om kvar røyrleidningane
skal gå avgjerande for utviklinga av olje- og gasseksport i
Sentral-Asia og Aserbajdsjan. Dei mange og alvorlege regionale
konfliktane rundt Det kaspiske hav gjer trasévalet for vidare
eksportering av olje og gass vanskelegare. Særleg rutealternativet
gjennom Georgia får lide for dette. Trass i desse hindringane, er den
mest kompliserande faktoren stormaktene sitt spel om kontroll av
røyrleidningane. For å få skikkeleg fotfeste for stormaktene i regionen
er det viktig å nøytralisere motpartane. Dette kan verte gjort ved til
dømes freistnadar på politisk isolering. USA sin motvilje mot å byggja
vidare eksportruter igjennom Russland, og særleg gjennom Iran, er eit
døme på dette. Årsaka er politisk uro i Iran og usikkerheit ved
maktkampen med Russland.
Slike komplikasjonar har gjort at dei
kortaste og sikraste rutealternativa kan bli erstatta av eit alternativ
som går via Tyrkia - USA og Vesten sin næraste allierte i området.
Leidningen frå Baku i Aserbajdsjan til Ceyhan i Tyrkia er lang og
ressurskrevjande, og har trass i amerikansk press vorte verande på
papiret grunna desse komplikasjonane. I tillegg til desse forslaga, er
det mange fleire skisser og idear om utvinning av olje og gass frå dei
sentralasiatiske landa som har stranda på geologiske vanskar eller
politiske konfliktar og motstand. Særleg gjeld dette ein trasé gjennom
Afghanistan, som er fornuftig praktisk sett, men som ikkje har vore
politisk akseptabelt for Vesten. Eit anna alternativ har vore gjennom
dei vestlege områda i Kina og til den asiatiske marknaden. Dette har
naturleg nok vorte favorisert av Kina, men har enno ikkje vorte noko av
- blant anna grunna dei enorme avstandane.
FATTIGDOM OG BROT PÅ MENNESKERETTANE
Ei
heilt anna, men svært viktig side ved det store spelet om Sentral-Asia,
er kva konsekvensar denne kampen om oljen har for befolkinga generelt.
I Aserbajdsjan og Kasakhstan, dei to landa som produserer mest olje i
få mykje å seie for dei fem landa som regionen, levde høvesvis 49
prosent og 26 prosent av folket under fattigdomsgrensa i 2001.
Situasjonen kan betrast mykje gjennom olje- og gassutvinning i
regionen. Men så lenge dei utanlandske investorane ikkje stiller krav
om anna, gjer dei autoritære regima at dei sentralasiatiske folka berre
i liten grad nyt godt av den utanlandske kapitalen. I tillegg kan
investeringane frå utlandet gje regima både legitimitet og økonomi til
å kunne halde fram med sine styresett.
Eit viktig kjenneteikn ved
republikkane i Sentral-Asia er at dei alle, i større eller mindre grad,
er udemokratiske. Regima har utpeika seg med grove brot på
menneskerettar. Etter mange si meining, burde difor stormaktene tenkje
seg om både ein og to gonger, før dei ukritisk investerer i olje- og
gassfelta.
Den store interessa for Sentral-Asia, både som eit
strategisk viktig område, og som eit område rikt på olje- og naturgass,
burde ha vore til hjelp for innbyggjarane i fremjinga av ei demokratisk
utvikling. Med så mange utanlandske investorar tilstades burde ein
kunne håpe på at desse hadde sett fokus på demokratisk utvikling og
omsyn til menneskerettar.
Vestlege stormakter og oljeselskap som
har investert i regionen har uttrykt bekymring for dei brota på
menneskerettane som førekjem særleg i Aserbajdsjan, Turkmenistan og
Usbekistan. Men dette har likevel ikkje hindra dei i å vere med i
kappløpet om kontrollen over ressursane til desse landa.
Autoritære
styre, som dei ein finn i Sentral-Asia, har inga eigeninteresse av å
distribuere ressursar til innbyggjarane. Ein avtale mellom eit selskap
og styresmakter i denne samanhengen er ei avtale mellom to private
parti. Ei privat bedrift og styresmakter som ikkje er ansvarleg
framføre nokon eller berre for ei lita elite.
Engasjementet i ein
slik kontekst vert eit profittmaksimerande prosjekt for selskapet og
for dei som sit ved makta. Selskapet genererer profitt, medan
styresmaktene genererer innkome for å finansiera deira prosjekt - ikkje
tene folket sine interesser.
USA sin politikk i forhold til
Aserbajdsjan er eit døme på det konfliktfylte forholdet mellom
økonomisk profitt og vern om menneskerettar. Amerikanske styresmakter
har fleire gonger uttrykt bekymring over brota på menneskerettane i
landet. Likevel er amerikansk politikk ovanfor Aserbajdsjan i det store
og heile prega av fokuset på transportruter. Amerikanarane dyssar ned
den aserbajdsjanske regjeringa sin manglande vilje til å iverksetje
institusjonelle og juridiske reformer, som dannar rammen for respekt
for menneskerettane.
Det store spelet om Sentral-Asia er i gang på
nytt. Denne gongen er det olje- og gassressursane som er den store
gevinsten. Framtida til landa der ligg i stor grad i hendene til
stormaktene, som kan tilføre hardt tiltrengt kapital inn i eit område
prega av fattigdom og brot på menneskerettane. Framleis er uvisst kva
konsekvensar dette får for folket som lever under desse forholda.


Tips en venn