Importen frå dei såkalla minst utvikla landa (MUL) til Noreg gjekk
ned frå 265 millionar kroner i januar-juni i 2002 til 208 millionar
kroner for januar-mai i 2003 - på trass av at Noreg innførte nulltoll
og tok bort kvotereguleringane 1. juli 2002. Både næringslivet og
styresmaktene er skuffa.
- Me hadde ikkje forventa nokon revolusjon,
men eg må tilstå at me vart litt skuffa då me fekk sjå tala, seier
direktør Else Berit Eikeland i avdeling for sivilt samfunn og
næringsutvikling i Norad.
- Innføring av nulltoll var ei veldig
viktig politisk avgjerd, men det er ikkje nok for å få auka eksport til
våre marknader, fastslår fagsjef Knut Sørlie i internasjonal avdeling i
NHO.
STORE SVINGINGAR
Statistikken viser at
det er lite systematisk import av produkt frå dei fattigaste landa.
Handelen svingar frå år til år, avhengig av pris, avling og
transportmoglegheiter. Kaffi- og krydderimporten frå Etiopia, til
dømes, gjekk ned frå 9,2 millionar kroner i første halvår i fjor til
2,4 millionar kroner i år. Av den totale norske importen på 281
milliardar kroner i 2002 kom berre 924 millionar frå MUL-landa, som er
ei gruppe av dei 49 fattigaste landa i verda. Ein stor del av importen
bestod dessutan av omregistrering av eit skip frå Liberia til ein
prislapp på 294 millionar kroner. MUL er ein knøttliten kolonialhandel
på den internasjonale supermarknaden. NHO står likevel fast på at det
er handelen som skal få dei fattige landa ut av bakevja.
- Handel er ein føresetnad for utvikling, seier NHO-direktør Knut Sørlie.
AVANSERT MARKNAD
Kvifor
sviktar så handelen? Er det ein generell skepsis i norsk næringsliv mot
å handla med fattige land? Knut Sørlie trur ikkje det.
-
Næringslivet går etter pris og kvalitet. Men marknaden i vestlege land
er relativt avansert. Du må ha eksportkunnskap og ekspertise i
bedriftene du skal forhandla med. Det er eit stort misforhold mellom
nivået Noreg er på og nivået MUL-landa er på. Det er viktig at
MUL-landa held orden i eige hus og byggjer opp eit apparat som kan
handheva marknadsøkonomien, seier Sørlie. Den største barrieren for
MUL-landa er ifølgje Sørlie ikkje tilgangen til vestlege marknader, men
dei store handelshindringane som rår mellom mange fattige land.
- Størsteparten av handelen går trass alt mellom desse landa sjølv, påpeikar han.
MUL-KUNNSKAP
På
kontoret til utviklingsministeren er det heller ingen jubel for
utviklinga i MUL-handelen, men politisk rådgjevar David Hansen (KrF)
avventar situasjonen ein smule.
- Vedtaket om nulltoll er knapt eit
år gammalt. Framleis er det gjort lite for å leggja til rette for
handel, seier han, men ramsar opp ymse tiltak som regjeringa har på
blokka.
- Kor viktig er det for regjeringa at MUL-handelen går opp?
-
Det er heilt avgjerande. Dersom statistikken er vedvarande dårleg, er
det eit teikn på at me har mislukkast i politikken vår. I vår starta UD
ein haldningskampanje for å spreia positive haldningar til MUL-handel.
Ei spørjeundersøking i samband med kampanjen viser at forbrukarane
ikkje er så opptekne av kvar vara kjem frå, men at vara tilfredsstiller
krav til pris, kvalitet, matvaretryggleik og tilgjenge. Også
næringslivet må bli bevisst på MUL-handel, meiner regjeringa. Mange
veit rett og slett for lite om kor ukomplisert det er å importera varer
frå land på den andre sida av kloden.
- Det skal ikkje vera
nødvendig med medlemskap i ein studiesirkel for å driva slik import.
Det må ikkje bli oppfatta slik at det berre er folk med visse politiske
haldningar som kan handla med MUL-land. Og varer frå MUL-land må ikkje
berre hamna i særbutikkar, seier politisk rådgjevar David Hansen.
KLEDE OG FRUKT OG GRØNT
Nyleg
har Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) fått midlar
frå Norad til ei stilling for å gje råd til næringslivet om import frå
fattige land. Ellen D. Gjeruldsen byrja i stillinga som importrådgjevar
8. juli.
- Dersom du spør meg om kva produkt MUL-land har størst
potensial på, er det tekstil og klede og frukt og grønt. Bangladesh er
eit døme på eit MUL-land som har lukkast stort i kleseksporten, seier
Gjeruldsen, som sjølv har bakgrunn frå tekstilbransjen. Statistikken
viser at Bangladesh var det MUL-landet som eksporterte desidert mest
til Noreg i fjor, med 306 millionar kroner - og nesten alt var klede.
PEN POSE
- Men kvifor blir det ikkje importert meir?
-
Det skal eg prøva å finna ut av, du må gje meg litt meir tid, seier
Ellen D. Gjeruldsen til X, tre dagar etter at ho har tiltredd i
stillinga.
- Men det er klart at marknadsføringa er viktig. Og
innpakning og design har mykje å seia. Posen må sjå pen ut, elles vil
ingen kjøpa den.
- Er MUL-land dårlege på innpakking?
- Det er
nok ein generell veikskap, ja. Det siste er Else Berit Eikeland i Norad
samd med Handels- og Serviceorganisasjonens Hovedorganisasjon om.
-
Design og emballasje er veldig viktig. Det er også måten produktet blir
marknadsført på. Ein kan ikkje berre eksportera klede til Noreg utan å
tenkja på formgjevinga, seier Eikeland.
Norad har teke konsekvensen av dette og tildeler jamvel støtte til utvikling av design i enkelte land.
KVALITETSSIKRING
Endå
viktigare er ifølje Else Berit Eikeland problemet med at mange land
ikkje oppfyller dei strenge kvalitetskrava som Noreg og EØS stiller for
import av matvarer. Dermed hjelper det lite med nulltoll. I fjor måtte
til dømes ein norsk grossist stoppa importen av honningkrukker frå
Nepal, fordi produktet ikkje tilfredsstilte krav til helse og
tryggleik. Honninghandelen er no i gang att etter at Nepal fekk hjelp
til å innføra eit betre kvalitetssikringssystem. Det norske
landbruksdepartementet hjelpte til i arbeidet.
- Hittil har me hatt
veldig lite bistand som har gått til å styrkja kompetanse,
kontrollsystem og lovverk. Dette blir eit viktig område framover.
Nulltoll er ikkje nok for å få fart på importen frå MUL-landa, me må
jobba meir langsiktig, fastslår Else Berit Eikeland. Nyleg har Norad
involvert seg i eit kvalitetsforbetringsprosjekt i Mosambik som kan
føra til ein kraftig oppsving i den norske MUL-handelen. Det handlar om
soyabønner til bruk i kraftforproduksjon. Felleskjøpet har planar om å
importera 50.000 tonn soya i året til ein verdi av 85 millionar kroner
ved full utnytting. Importen startar etter planen til neste år, men
først må nye siloar og kvalitetssikringssystem på plass i Mosambik.
Landbruksministeren i Mosambik er begeistra for det norske
engasjementet.
BØNDENE INGEN TRUSSEL
- Mange
hevdar at det er jordbruket sin feil at det ikkje er meir import frå
MUL-land, men det er ikkje rett, fastslår Harald Milli, generalsekretær
i Norges Bondelag.
Han viser til at landbruksprodukt frå MUL-land
har hatt nulltoll i fleire år, noko norske bønder støttar. Derimot er
dei skeptiske til at tollbarrierane på varer frå EU blir mindre og
mindre.
- Varer som MUL-land har behov for å eksportera - til dømes
sukker - importerer me ikkje frå MUL, men i all hovudsak frå EU. 95
prosent av sukkeret vårt kjem frå EU. Slike produkt kunne me importert
mykje meir av frå MUL. Jo meir me byggjer ned dei generelle
tollbarrierane, jo mindre attraktivt blir det å importera frå MUL-land.
Det blir hevda at MUL-land tener på liberalisering av tollsatsar, men
det er ikkje utan vidare rett. Tvert om er det mange MUL-land som har
behov for å bli beskytta frå store handelsnasjonar som USA og New
Zealand, hevdar Harald Milli.
IMPORTKVOTAR
Utviklingsfondet er av same oppfatning.
-
Frihandel tener først og fremst dei store handelspartnerane våre - dei
som er sterke frå før og har teknologi og forhandlingsmakt. Etiopia har
ikkje mykje makt i forhold til USA i denne samanhengen, seier Arvid
Solheim, leiar i Utviklingsfondet.
- Kva kan Noreg gjera for å få fart på MUL-handelen?
- Me kan bestemma oss for å kjøpa produkt der dei ikkje nødvendigvis er billegast. Me kan innføra importkvotar frå rike land.
- Er det realistisk å få politisk gjennomslag for eit slikt tiltak?
- Kvifor ikkje? Me har jo importkvotar frå mange andre land, seier Arvid Solheim retorisk.
LUKSUSPRODUKT
- Problemet er at handelen blir meir og meir einsretta, hevdar talsperson Carin Leffler i Framtiden i våre hender.
-
Det er ein god intensjon bak å fjerna tollbarrierane til MUL-land, men
problemet blir ikkje løyst på den måten. Tvert om blir fattige land
sårbare når dei blir oppdregne til å produsera for eksportmarknaden. I
staden for å sikra mat for sitt eige folk, byrjar dei ofte å produsera
luksuriøse produkt som verda strengt teke ikkje treng meir av. Ut frå
eit berekraftig perspektiv stiller eg store spørsmål ved denne
utviklinga. Kjøt, til dømes, er ei symbolvare som den vestlege verda
kan betala godt for. Men det er heilt umogleg at heile verda skal ha
det same kjøtforbruket som Noreg.
- Korleis skal dei fattigaste landa utvikla seg om dei ikkje kan eksportera kjøt?
-
For det første må me bort frå tanken om at produksjon av luksusvarer
for Vesten er vegen å gå. Me må leggja til rette for at dei kan handla
med fleire typar varer, ikkje berre kaffi og bananar. Diversifisering
av varehandelen er viktig, og at me betaler ein rett pris for varene.
Dessutan må landa få hjelp til vidareforeidling. Men først må dei sikra
eigenproduksjonen, seier Carin Leffler i Framtiden i Våre Hender.


Tips en venn