VERDENSMAGASINET X: Fordi verden er større 22.05.2012
Siste utgave
 {F6
Klikk på bildet, for å komme til X nr. 1/2012
{F6AA7E35DF5C}AA7E35DF5C}
Abonner!
Om x
 
Ansvarlig redaktør
og daglig leder:
Maren Sæbø


Adresse:
Fredensborgveien 6
0177 Oslo
redaktor@xmag.no
Knuste draumar i Aust-Timor
Medan fattigdom og arbeidsløyse set det skjøre demokratiet på Aust-Timor i fare, trugar mannsveldet draumen til kvinnene om eit betre liv.
redaksjon@xmag.no
22.04.2008
Del på Facebook

Korleis skal eg greia å brødfø dei tre jentene mine, kona og meg sjølv? João Santos reiser seg frå plaststolen. Røysta brest. Santos vert berre ståande og hytte med neven mot Mariano Sabino. Parlamentsrepresentant Sabino har kome frå hovudstaden Dili for å lytta til folket i Tutuala, ein landsby lengst aust i Aust-Timor. Fire månader har gått sidan førre gongen ein politikar frå hovudstaden vitja Tutuala.
- Ingenting har skjedd sidan sist. Ingenting har vorte betre, seier Santos innstendig.
- Kva har du tenkt å gjera, Herr Sabino?

FATTIGAST I ASIA
Den unge faren João Santos fortvilar. Han som resten av austtimoresarane trudde på eit betre liv etter at dei indonesiske okkupantane rømde landet i 1999. Men mindre enn eit halvt år etter at Aust-Timor vann det endelege sjølvstendet i fjor vår, set fattigdom og arbeidsløyse den skjøre demokratiseringsprosessen i fare. Santos har inga fast inntekt. Den lagnaden deler han med mellom 50 og 65 prosent av innbyggjarane i landet.
FN slår fast at Aust-Timor er den fattigaste nasjonen i Asia. Halvparten av austtimoresarane tener mindre enn fem kroner om dagen. Sjølv om Australia og Aust-Timor arbeidar med å bli samde om ein avtale om fordelinga av dei innbringande petroleumsressursane i Timorhavet, vert Aust-Timor heilt avhengig av bistand i fleire år framover.
Så kva svarar ein utsending frå parlamentet når innbyggjarane spør kvar det blir av arbeidsplassane, elektrisiteten og vassverket? Og kva med helsetenestene, matmangelen og dei øydelagde vegane?
- Eg kan ikkje lova noko, seier Mariano Sabino.
- Regjeringa er prisgitt dei utanlandske donorane.

OPPRØR I DESEMBER
Svara frå Sabino døyver nok ikkje den veksande frustrasjonen og aggresjonen over dei mange problema som Aust-Timor slit med, og over den manglande evna regjeringa har til å løysa desse. Den djupe misnøya utløyste kraftige opptøyar i Dili i desember i fjor.
Etter fleire veker med demonstrasjonar og samanstøyt mellom politi og tidlegare geriljasoldatar, eksploderte det. Opprørspolitiet skaut og drap to ungdomar. Unge demonstrantar svara med å setja fyr på mellom anna butikkar, restaurantar og bustaden til statsministeren.
Samanstøytane i hovudstadsgatene var den verste valden sidan folkerøystinga for sjølvstende i 1999, då det indonesiske militæret og pro-indonesiske militsgrupper drap mellom 2.000 og 5.000 austtimoresarar og øydelagde 80 prosent av infrastrukturen i landet.
Opprøret i desember er det siste Aust-Timor treng, eit land som er desperat etter utanlandske investeringar. President Xanana Gusmao seier det på denne måten:
- Om du brenn husa til folk og stel eigedomen deira, reiser dei. Då kjem me til å verta åleine med fattigdomen vår, utan hjelp, i gløymsle.

STERK SENTRALMAKT
Opptøyane sette den skjøre demokratibygginga fleire steg attende. Det tok dagar frå Dili vart sett fyr på til folket i Tutuala fekk vita om det. I Tutuala har knapt nokon radio. Informasjon om viktige avgjersler i hovudstaden får dei som regel når einkvan frå landsbyen kjem att frå ei reise i Dili, eller når folkevalde, som Sabino, kjem på vitjing.
Det siste skjer berre unntaksvis. Parlamentet står fjernt frå folket. 13 av dei 88 seta i parlamentet er reservert til distriktsrepresentantar som var tenkt å ha ei spesiell oppgåve i å reisa attende til distrikta sine for å ta folket sitt med på råd.
- Dei fleste gir blaffen, seier ein politisk analytikar i FN-administrasjonen som ønskjer å vera anonym.
- Halvparten av distriktsrepresentantane har enno ikkje vitja heimstadene sine, snart to år etter at dei vart valt inn i den grunnlovsgivande forsamlinga, seier den sentrale FN-funksjonæren som også rettar kritikk mot UNTAET, FNs overgangsadministrasjon frå 1999 til 2002, som ikkje bygde inn krav i grunnlova om at distriktsrepresentantane skulle vitja heimstadene sine.

FORDERVANDE KORRUPSJON
Mariano Sabino er eit heiderleg unntak, i så måte. Den tidlegare studentleiaren, som for fire år sidan vart nominert til den norske Studentenes fredspris, svarar grundig på alle spørsmåla. Sabino, som også var ein av leiarane av undergrunnsrørsla under den indonesiske okkupasjonen, greier ut om grunnlova, om maktfordelinga mellom presidenten, regjeringa, parlamentet og domstolane. Han fortel om arbeidet og sakene i nasjonalforsamlinga og om veikskapane i konstitusjonen, om korleis sjølvstendet til domstolane er truga og om den veksande korrupsjonen, den fordervande arva etter indonesiarane, som mange fryktar kjem til å auka i omfang når olje- og gassinntektene frå Timorhavet byrjar å pumpa inn i statskassa, forhåpentlegvis om to-tre år.

OLJEFORBANNINGA
Olje og gass har vore ei forbanning for mange utviklingsland. Det er statsminister Mari Alkatiri klar over.
- Me tek korrupsjonsproblemet særs alvorleg, seier han til X.
- Eg gjer kva eg kan for at Aust-Timor ikkje skal verta eit land avhengig av olje. No prøver me å setja opp eit system, mellom anna med hjelp frå Noreg, slik at petroleumsinntektene skal koma framtidige generasjonar til gode.
Det overraska likevel mange analytikarar at Alkatiri i fjor haust flaug til Angola, også ein tidlegare portugisisk koloni, for å få oljeråd frå eit land der ein tredjedel av petroleumsinntektene forsvinn i lomma på korrupte politikar. Utanriksminister Jose Ramos-Horta refsa statsministeren sin etter at Alkatiri signerte ein avtale med det angolanske oljeselskapet Sonangol same dagen som Verdsbanken offentleggjorde ein rapport om at ein milliard oljedollar forsvinn kvart år.
Alkatiri seier at han ikkje ønskjer å kopiera systemet til Sonangol.
- Eg gjer berre ein samanliknande studie av ulike forvaltningssystem, forklarar han. Statsministeren nektar å vurdera kvaliteten på det angolanske selskapet han søkte oljeråd hjå.

GUBBEVELDE
Tutuala, langt vekke frå det air condition-svale statsministerkontoret til Alkatiri i Dili, gløder sola i senit. Sabino har søkt skugge under taket på pousadaen, det ein gong så fasjonable herberget frå kolonitida som berre dei velståande portugisarane ferierte på.
Innbyggjarane sit i ly av eit frodig eukalyptustre. Møtet har vara i to og ein halv time då det går ei elding gjennom dei frammøtte. Ei av dei få kvinnene i forsamlinga reiser seg. Ho skal stille eit spørsmål! Mennene ser vantru på Elisa Freitas som stiller seg opp føre Sabino.
- Eg har ingen pengar til å betala skuleavgifta for dei to gutane mine, fortel den høgreiste kvinna. Medan Elisa Freitas gjer greie for den vanskelege utdanningssituasjonen, ser mennene vekk. Dei byrjar demonstrativt å snakka. På den austtimoresiske landsbygda skal ikkje kvinnene ta ordet. Dei skal stella heime, koka, vaska, passa på ungane. På den austtimoresiske landsbygda er det mennene som rår i det offentlege rommet, dei eldre mennene.

KVINNER SNAKKAR TULL
Slik har det alltid vore, i alle fall så lenge José Lopes kan hugsa. Lopes er 47 år og landsbysjef i fjellbyen Maubisse.
- Alle har respekt for dei eldre mennene. Når dei snakkar, lyttar folk.
- Kvifor får ikkje kvinnene få vera med å ta avgjersler?
- Me må bruka dei som har kunnskap.
- Og kvinner har ikkje denne kunnskapen?
- Kvinnene snakkar berre tull. Dei seier ting som ikkje vedkjem saka. Dei forstår ikkje. Dei veit ikkje korleis ein løyser problem. Dei greier ikkje ein gong løysa sine eigne problem. Landsbysjef Lopes tøysar ikkje. Han snakkar roleg med mørke alvorlege augo medan han slurpar te som døtrene har varta opp med.
- Med sjølvstendet i fjor kom også demokratiet, held han fram.
- Me vil ha demokrati, som i Vesten. Demokratiet seier at kvinnene skal snakka fritt, men det tillet ikkje tradisjonen. Dessutan; i Vesten har kvinner utdanning. Her kan dei fleste verken lesa eller skriva. Me kan difor ikkje samanlikna Aust-Timor med Europa, USA og Japan. Ikkje enno.

SAKTE ENDRINGAR
José Lopes er ikkje åleine om desse meiningane. Spesielt for dei eldre er det vanskeleg å akseptera kvinner i politikken. Ein som truleg snakkar på vegne av mange i sin eigen generasjon, er Fransisco Xavier do Amaral, som vart den fyrste presidenten i Aust-Timor, i 1975 før Indonesia invaderte landet.
- Eg hadde ei mor og ei bestemor som begge var glade i familielivet. Sjølv om dei var analfabetar, visste dei å respektera far og bestefar. Og dei var nøgde med livet. Dei visste ikkje om noko anna, fortel Amaral.
- Tradisjonen seier at kvinnene skal vera heime, ta vare på familie og hus. Eg ønskjer ikkje at dette systemet skal halda fram, men endringane må skje sakte.
José Ramos-Horta manar også til tolmod.
- Ja, Aust-Timor er framleis eit patriarkalsk og konservativt katolsk samfunn, der kvinner framleis er på botn når det gjeld velstand, politiske rettar og sjansar til utdanning, vedgår nobelprisvinnaren til X.
- Sjølv om det er 27 prosent kvinner i parlamentet, speglar det ikkje den politiske makta kvinner har det timoresiske samfunnet. Men gi oss ti-tjue år. Då har me kanskje fått den fyrste kvinnelege presidenten i landet, seier Ramos- Horta.
For at spådomen til nobelprisvinnaren skal verta røyndom, trengst det fleire kvinner som Elisa Freitas. Fleire modige kvinner som trassar mannsveldet som i dag effektivt knuser draumen til kvinnene om eit betre liv.

Del på:

Tips en venn

Blogg
Maren Sæbø
Ansvarlig redaktør
Deres seksualitet, våre kvinner

Hvorfor manes det fram et bilde av mørke skumle menn i norske voldtektsdebatter?


Les mer | Bloggen

Fotoserie


Historiske forsider

I 2011 markerer Verdensmagasinet X 20 år som magasin med et bredere utsyn mot Verden. her er noen av forsidene fra de første ti årene


Se fotoserie | Alle fotoserier

Xotisk mat
Nuevo Latino – det nye latinske kjøkken
Fusion, crossover eller hva du kaller det er ikke lenger skinnende nytt. Men du skal lete lenge etter mer humørbringende mat enn Nuevo Latino – panlatinske retter med en fruktig touch
Les mer | Xotisk mat

Xmag.no er et redaksjonelt uavhengig nettmagasin som inneholder artikler og saker fra Verdensmagasinet X. Verdensmagasinet X og Xmag.no utgis av Fellesrådet for Afrika, Latin-Amerikagruppene i Norge, Studentenes og Akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) og Utviklingsfondet.