1,2 millionar menneske lever utan tilgang på nok og godt vatn i verda i dag. Dobbelt så mange manglar gode sanitærforhold. Ifølgje FN sine tusenårsmål og handlingsplanen frå Johannesburg skal begge tala halverast i løpet av dei neste tolv åra, og til dette må ein mobilisere både pengar og politisk vilje.
Behovet for investeringar i vatn er stort, eit problem som har vorte heftig diskutert i fleire seminar under World Water Forum. Med ein fattig offentleg sektor i mange land, både "uland" og "i-land", meiner mange at private investeringar er den einaste veien ut av uføret. Nokre motstandarane argumenterer ideologisk med at privatisering overlet kontrollen med det dyrebare vatnet til private selskap, medan andre er kritske til om private selskap er i stand til å løyse det største problemet, nemleg å skaffe vatn til dei fattige.
Mellom to seminar på World Water Forum møter X dr. Peter Gleick, president i forskningsinstituttet Pacific Institute i Oakland, California. Han har mellom anna jobba mykje med privatisering av vatn og vatn som ein menneskerett, og presenterer under konferansen ein ny rapport med erfaringar med privatisering av vassforsyning frå ein rekkje land.
- Er privatisering løysinga for å skaffe vatn til dei som ikkje har det i dag?
-
Det store dilemmaet er at den svake offentlege sektoren på den eine
sida blir brukt som argument for å involvere privat sektor, men på den
andre sida er grunnen til at privatiseringa ikkje fungerer. Det trengst
nemleg strenge offentlege reguleringar for å ivareta dei fattige sine
interesser. Det ein verkeleg treng å samle kreftene om, er å styrke
offentleg sektor sin kapasitet til å handtere den utfordringa det er å
skaffe vatn til alle til ein pris dei kan betale.
Gleick meiner det finst mange vilkår som må vere oppfylte for å oppnå god vassforsyning som når ut til alle. Blant dei vasselskapa han har studert, har han ikkje funne nokon heilt vellukka døme på privatisering. Han peikar på at dei fattige rett og slett ikkje er attraktive kundar for selskapa. Berre i nokre få tilfelle har Pacific Institute funne at kontraktar mellom private vasselskap og styresmaktene har sett krav til utviding av forsyninga til fattige område. Eitt av dei er Buenos Aires. Men heller ikkje der var privatiseringa særleg vellukka, og selskapet er no konkurs.
I fjor presenterte Pacific Institute eit sett prinsipp som dei meiner private (og offentlege) vassforsyningsselskap må følgje. Ingen av dei private selskapa instituttet no har studert, er i samsvar med alle desse prinsippa, sjølv om nokre selskap scorar på eitt eller fleire krav.
- Er det mogleg å oppfylle alle krava om god økonomi, opne kontraktar og gode offentlege reguleringar?
-
Ja, det trur eg. Men utfordringane er større til dei private selskapa
enn til offentleg sektor, krava gjer det rett og slett mindre lønsamt å
investere i vassforsyning. Likevel er det heilt nødvendig å stille
vilkår, til dømes for å ivareta dei fattige sine interesser. Dei beste
systema vi har funne, er offentlege, men desse må sjølvsagt også vere
godt drivne. Dette er tilfellet til dømes i New York.
Verdsbanken leverte i februar sin nye strategi for vassektoren, der tilrettelegging for privatisering er eitt av to gjennomgåande løysingsforslag. Og til World Water Forum har eit internasjonalt ekspertpanel, det såkalla Camdessuspanelet, lagt fram rapporten "Financing Water Infrastructure for All". Dei fleste i panelet kjem frå utviklingsbankane, private vasselskap og bankar, og ein av deira hovudkonklusjonar er at offentleg sektor må tilrettelegge for private selskap, ved å stille garantiar og gode vilkår til disposisjon. Både Verdsbanken og Camdessusrapporten er for fornya innsats i finansieringa av store infrastrukturprosjekt som dammar og overføringskanalar.
Gleick meiner det er viktig å gjere ein innsats for å auke finansieringa til vassektoren, men er kritisk til Camdessus-panelet sitt forslag.
- Dette er i praksis å velte risikoen ved investeringane over på det offentlege, medan dei private selskapa tar profitten dersom det blir nokon. Skal dei private vere med, må dei ta sin rettmessige del av risikoen som er involvert. Eg er også kritisk til kravet om ny finansiering til store prosjekt. Desse er heilt unødvendige. Ved å satse på kostnadseffektive og småskala prosjekt kan ein mobilisere store ressursar lokalt. Det er på det lokale planet dei fleste midlane blir skaffa i dag.


Tips en venn