VERDENSMAGASINET X: Fordi verden er større 08.02.2012
Siste utgave
 
Abonner!
Om x
Ansvarlig redaktør
og daglig leder:
Maren Sæbø


Adresse:
Fredensborgveien 6
0177 Oslo
redaktor@xmag.no
Eigen propagandaminister
Informasjonsministeren i Zimbabwe er i røynda ein propagandaminister, meiner Sarah Chiumbu.
Av Terje S. Skjerdal
21.04.2008
Del på Facebook

Sarah Chiumbu er ikkje den einaste som klør seg i hovudet over korleis ein respektert professor i statsvitskap kunne bli kjøpt opp av president Mugabe i Zimbabwe.
- Ingen forstår kva som skjedde. For ikkje lenge sidan var Jonathan Moyo ein av dei sterkaste kritikarane av regjeringa, seier Chiumbu. Til dagleg er ho leiar for vaktbikkjeorganisasjonen Media Institute of Southern Africa (Misa) i Zimbabwe. X møtte henne på Globaliseringskonferansen i Oslo i november.

SENSUR
Informasjonsminister Jonathan Moyo er vorte ei av dei viktigaste brikkene i det politiske spelet til Robert Mugabe. Den tidlegare førelesaren ved ulike universitet i det sørlege Afrika har fått frie tøylar til å leggja opp informasjonsstrategien til regjeringspartiet Zanu-PF.
- Om det ikkje var for Moyo, hadde heile Zanu-PF kollapsa, hevdar Sarah Chiumbu.
Som leiar av Misa har ho hatt ein god sjanse til å gå Moyo nærare etter i saumane sidan han vart utnemnd som informasjonsminister for tre år sidan. Ho nøler ikkje med å kalla han «minister of propaganda».
- Det er nettopp det han er. Han har aktivt gått inn og redigert innhaldet på ZBC (det statseigde kringkastingsselskapet). 90 prosent av sendeflata blir brukt til dokumentarprogram produsert av informasjonsdepartementet. Eit typisk program handlar om frigjeringskrigen eller historia til Zanu-PF. Innimellom er det reklameinnslag for landreforma, fortel Chiumbu.
Humorprogram er det også plass til, men aldri med kvite skodespelarar. «The Cosby Show» har derimot passert testen.
Omvendt rasisme, kallar Sarah Chiumbu det som føregår på statskanalen.

MUGABE OG MOYO STYRER LANDET
Jonathan Moyo var ein av arkitektane bak den vidgjetne informasjonslova som tok til å gjelda i fjor. Lova påbyr alle journalistar å registrera seg. Utanlandske korrespondentar er i praksis utestengde frå landet, idet dei ikkje lenger får opphaldsløyve.
Utanlandsk eigarskap i medieverksemder er avgrensa til ti prosent av verdien til selskapet. Dette er ein del av strategien til regjeringa for å «tryggja zimbabwiske arbeidsplassar og lokal eigarskap».
21. november var fristen for å søkja om akkreditering. Ei eiga nemnd arbeider med søknadene, men informasjonsministeren har det siste ordet.
- Moyo har den totale kontrollen med alt. Det er han som lagar lovene, og det er han som utøver dei. Saman med Mugabe styrer han landet. Media er ein svært viktig reiskap for dei, seier Sarah Chiumbu.
- Lèt folk seg påverka?
- Over tid, ja. Eg treffer folk på gata som gradvis har vorte meir positive til Mugabe. Når dei blir utsett for politisk ladd reklame kvart femte minutt, vil det etter kvart påverka haldningane deira.

NYTTÅRSFADESE
Uavhengige aviser finst det fleire av i Zimbabwe. Dei må trø stadig meir varsamt for ikkje å bryta lovene. 14. januar vart Nqobile Nyathi, redaktør for Financial Gazette, avhøyrt av politiet etter at avisa trykte to annonsar som kan ha innehalde feilaktig informasjon om president Mugabe. Ifølgje tryggingslova er det forbode å vidareformidla informasjon som kan føra til offentleg uro.
Den statseigde dagsavisa The Herald har fått den uoffisielle rolla som vaktbikkje for regjeringa. Informasjonsministeren får stadig spalteplass for å oppklara «misforståingar». Den siste tida har han måtta driva brannsløkking etter at sørafrikanske aviser rapporterte om ein krangel som Moyo skal ha hatt med kona etter nyttårsfeiring i Johannesburg.
- Eit forsøk frå media på å sverta det gode forholdet mellom Zimbabwe og Sør-Afrika, hevdar departementet til Moyo i ei pressemelding.

FOLKEOPPLYSNING
Informasjonsministeren har gjort det vanskeleg å vera vaktbikkjeorganisasjon i Zimbabwe. Misa vedgår at organisasjonen har lita påverknadskraft overfor styresmaktene.
- Me har ikkje oppnådd så mykje. Frå no av satsar me på folkeopplysning i staden for å driva lobby overfor politikarane, seier Sarah Chiumbu. Sidan november har folk kunna sjå digre veggplakatar med påskrifta «Communicate - speak out» og «Communication - a human right» fleire stader i Zimbabwe. Plakatane er ein lekk i folkeopplysningskampanjen til Misa.
Det er ingen løyndom at mykje av informasjonen om tilstanden for ytringsfridom i Zimbabwe, har kome gjennom nettopp Misa. Seks personar arbeider ved kontoret i Harare.
Organisasjonen er støtta av Norad, men Sarah Chiumbu fryktar for støtta.
- Mugabe har på trappene ei organisasjonslov som krev at alle organisasjonar skal registrerast. Me må opplysa om kvar me får støtte frå. Framtida vår er usikker, seier leiaren i Misa Zimbabwe.

Del på:

Tips en venn

Blogg
Maren Sæbø
Ansvarlig redaktør
Deres seksualitet, våre kvinner

Hvorfor manes det fram et bilde av mørke skumle menn i norske voldtektsdebatter?


Les mer | Bloggen

Fotoserie


Historiske forsider

I 2011 markerer Verdensmagasinet X 20 år som magasin med et bredere utsyn mot Verden. her er noen av forsidene fra de første ti årene


Se fotoserie | Alle fotoserier

Xotisk mat
En smakseksplosjon
Granatepler blir i mange land forbundet med synd, sex og fruktbarhet. Det er all grunn til å la seg lede ut i fristelsen.
Les mer | Xotisk mat

Xmag.no er et redaksjonelt uavhengig nettmagasin som inneholder artikler og saker fra Verdensmagasinet X. Verdensmagasinet X og Xmag.no utgis av Fellesrådet for Afrika, Latin-Amerikagruppene i Norge, Studentenes og Akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) og Utviklingsfondet.