VERDENSMAGASINET X: Fordi verden er større 22.05.2012
Siste utgave
 {F6
Klikk på bildet, for å komme til X nr. 1/2012
{F6AA7E35DF5C}AA7E35DF5C}
Abonner!
Om x
 
Ansvarlig redaktør
og daglig leder:
Maren Sæbø


Adresse:
Fredensborgveien 6
0177 Oslo
redaktor@xmag.no
Norad om jordbruksreform og retten til mat
Alle har en rett til tilstrekkeleg mat, slår Konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar frå 1967 fast. Jordreform er et middel for å sikre at denne retten kan oppfyllast, men likevel er ikkje dette innarbeidd i norsk bistandsverksemd.
Av Stein Terje Vikan
16.02.2008

Ifølgje eigne strategiar skal NORAD integrera eit menneskerettsperspektiv, inkludert økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, i sin verksemd. Men menneskerettsrådgjevar i NORAD, Haakon Gram-Johannessen, seier at dette er ein materie det er vanskeleg å operasjonalisera.
- Kompetanse på dette feltet er eit problem både internt i NORAD og hos våre samarbeidspartnerar, seier han.
- Det er viktig å utdanna både oss sjølve og våre partnerar for å innarbeide til dømes retten til mat i tradisjonelle prosjekt. Dei som driv bistandsprosjekta må gjerast bevisst dei menneskeretts- problem som kan liggja skjult i utviklingsprogram. Ved ekspropriering av jord må det til dømes bli gitt rettvis kompensasjon, dersom retten til mat ikkje skal verte krenkt.

INGEN STRATEGI
Artikkel 11 i Konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar slår fast at alle har rett til ein tilfredsstillande levestandard, inkludert tilstrekkeleg med mat. Skeptikarane hevdar at dette er urealistisk og at ein slik rett kan medføra at folk berre kan setja seg på baken og forlange mat av staten. Tolkinga til FN sin Komitè for økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar er snarare at alle har rett til å brødfø seg sjølv. Eit slikt syn medfører at staten har plikt til å leggja forholda til rette for og verna om at alle borgarar har ein mogelegheit til å skaffa seg og sin familie tilstrekkeleg med mat, anten gjennom eigenproduksjon eller inntekt.

Artikkel 11 seier også eksplisitt at reform av jordbrukssystemer er eit sentralt verkemiddel for å sikra alle retten til å vera fri frå svolt, men slår ikkje fast korleis jordbrukssystemet bør reformerast. Heller ikkje i NORAD finnast nokon eigen strategi for jordbruksreformer.
- Policy-messig har ikkje NORAD ein eksplisitt politikk når det gjeld jordbruksreform, seier rådgjevar Lars Ekman.
- Men indirekte er NORAD oppteken av dette ved å setja fokus på små- og mellomstore bønder, deira økonomiske og faglege organisering og ved å vera oppteken av tilgang på produktive midlar, inkludert jord.

Rådgjevar Bodil Maal understrekar at i NORAD sin kvinnestrategi vert det eksplisitt lagt vekt på kvinner sin rett til å eiga jord. -I mange utviklingsland er det eit problem at kvinner manglar både faktiske og juridiske rettar til å eiga jord, seier ho. - NORAD ynskjer å bidra til at kvinner sine rettar vert betre tekne vare på, og har støtta kampanjar for kvinner sine rettar til jord i fleire land.

Haakon Gram-Johannessen legg vekt på at i eit menneskerettsperspektiv er det også viktig kva som skjer i forkant av ei omfordeling av jord. Det er viktig med lokal medbestemming og at omfordelinga skjer på ein open og rettvis måte, der dei med størst behov får jord fyrst. For NORAD er det også viktig å streka under at reformene må tilpassast ulike kontekstar. Utgangspunktet for jordbruksreform er ganske ulikt i til dømes Afrika og Latin-Amerika.
-I Afrika går ein stor del av endringane i jord-bruksstrukturen ut på ein overgang frå eit system med felles jord til meir privat eigarskap. I Latin-Amerika er det oftare snakk om omfordeling frå store landeigarar til fattige småbønder og jordlause. Der er konfliktlinjene klarare og det er lettare å ta standpunkt, seier Lars Ekman. Han meiner spørsmål om jordreform bør avgjerast lokalt, og at eksterne aktørar må vera forsiktig med å gje råd om kva som er den beste løysinga.
- Det er viktig for NORAD å respektera det nasjonale sjølvstyret og styresystemet i mottakarlanda. Samstundes ynskjer NORAD å bidra til betra kår for menneskerettane. Dette vil alltid vera eit dilemma i samarbeidsrelasjonar mellom donorar og mottakarland, understrekar han.

MARKNADSBASERT VERDENSBANKMODELL
Det var liten plass til jordreformer i strukturendringane og liberaliseringa som mange land gjennomgjekk på 1980- og 90-talet, men debatten om jordbruksstruktur og tilgang på land til fattige bønder og jordlause har dei siste åra blussa opp att. Dette er blant anna følgje av krav om ei meir rettvis fordeling av jorda frå sosiale rørsler. Også institusjonar som UNDP og Verdsbanken erkjenner at fattigdomen på landsbygda ikkje kan løysast utan at det gjerast noko med jordfordelinga i mange land. Men særleg Verdsbanken har pressa på for ei marknadsbasert jordbruksreform. I den tradisjonelle modellen for jordreform har staten hatt ei sentral rolle, der dei eksproprierer jord frå store jordeigarar og omfordeler den etter behov. Verdsbanken pressar nå på for ein annan modell, basert på å byggja ut jord-marknader og å redusera staten si rolle. Ein prøver å skapa ein marknad der jordeigarar ser seg tent med å selja jord, og småbønder får tilgang på kreditt slik at dei kan kjøpa jorda dei treng og gjera naudsynte investeringar. Det største problemet med denne modellen er at småbøndene må setja seg i gjeld for å få tilgang på jord.

Haakon Gram-Johannessen i NORAD, seier at dette likevel ikkje treng vera eit problem, sett frå eit menneskerettsperspektiv.
- Dersom produksjonsforholda og tilgangen på marknader er så bra at småbøndene klarar å betjena sine lån, så har desse bøndene fått oppfylt sin rett til mat. Så Verdsbanken sin strategi er ikkje i utgangspunktet i strid med eit menneskerettsleg syn på tilgang på mat, meiner han.

Rådgjevar Bodil Maal meiner ein må vera på vakt mot negative konsekvenser av denne forma for jordbruksreform.
- I marknadsstyrte jordreformer er det stor fare for at kvinner vert taparane. Privatisering av jordbruket kan i tillegg ha uheldige konsekvensar for kvinner ved at det er mannen som vert registrert som eigar av jorda, og som dermed får rett til å disponera ho slik han ynskjer, avsluttar ho.

Blogg
Maren Sæbø
Ansvarlig redaktør
Deres seksualitet, våre kvinner

Hvorfor manes det fram et bilde av mørke skumle menn i norske voldtektsdebatter?


Les mer | Bloggen

Fotoserie


Historiske forsider

I 2011 markerer Verdensmagasinet X 20 år som magasin med et bredere utsyn mot Verden. her er noen av forsidene fra de første ti årene


Se fotoserie | Alle fotoserier

Xotisk mat
Mirakel i et lite bær

Hadde du noen gang trodd du skulle spise lime som om det var karameller) Det kommer du til å gjøre hvis du har mirakelbærfest


Les mer | Xotisk mat

Xmag.no er et redaksjonelt uavhengig nettmagasin som inneholder artikler og saker fra Verdensmagasinet X. Verdensmagasinet X og Xmag.no utgis av Fellesrådet for Afrika, Latin-Amerikagruppene i Norge, Studentenes og Akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) og Utviklingsfondet.