VERDENSMAGASINET X: Fordi verden er større 22.05.2012
Siste utgave
 {F6
Klikk på bildet, for å komme til X nr. 1/2012
{F6AA7E35DF5C}AA7E35DF5C}
Abonner!
Om x
 
Ansvarlig redaktør
og daglig leder:
Maren Sæbø


Adresse:
Fredensborgveien 6
0177 Oslo
redaktor@xmag.no
Når husbyggjing er meir enn å byggje hus
Kven er ekspertar på husbyggjing. Profesjonelle entreprenørar eller fattige kvinner som verken kan lese eller skrive?
Av Svale A. Fossåskaret
15.02.2008

Etter sigeren i valet i Sør-Afrika i 1994, lova ANC å byggje 1 million hus innan 1999. Bustadproblemet var ei av dei viktigaste satsingane for den nye regjeringa. Heile 7 millionar var rekna som "squatters" - bustadlause. Nemninga "bustadlause" tyder i praksis at dei budde i hytter og rønner på uregulerte område. Som ein del av det store Reconstruction and Development Programme (RDP), delte ANC ut subsidiar og landområde for byggjing av bustadar. Fattige kunne få 15.000 RAN (ca.24.000 kr) som startkapital for byggjing av nye hus.

Regjeringa kanaliserte det meste av desse pengane gjenom private entreprenørar og bankar. Mot denne støtta skulle dei byggje ut nye bustadområde. Erfaringane er blanda. Dei nye husa var ofte så små at folk kalla dei "uvezanyawo", det vil seie "der føtene viser". Nemninga spela på at ein ikkje kunne leggje seg ned utan at føtene stakk ut gjennom vindauga. Støtta som var meint for dei fattigaste, subsidierte i staden profitten til utbyggjarane.

PEOPLE'S DIALOGUE
Med formål om å styrke bustadlause si organisering og sjølvstyrt utvikling, blei organisasjonen "People's Dialogue on Land and Shelter" stifta i 1991. Gjennom dialog og samhandling med The South African Federation of Homeless People - ein gras-rotorganisasjon av og for dei fattigaste - har det vakse fram eit tospann som i dag er blant dei viktigaste aktørane i arbeidet for ein alternativ bustadpolitikk. Ein grunntanke er at dei fattige sjøl kan og skal vere drivkrefter i si eiga utvikling.

Som dei fattigaste av dei fattige, har "squatters" få formelle ressursar. Verken i form av materiell, pengar eller utdanning. Likevel organiserte dei som eit alternativ til dei profesjonell entreprenørane, sine eigne bustadprosjekt. Ifølgje People's Dialogue er det ei rekkje fordelar ved sjølvstyring. Utbyggjarane identifiserer betre dei konkrete behova som må dekkjast, og utbyggjinga er meir kostnadseffektiv. Viktigare er det likevel at denne organiseringa har ført til mobilisering, skolering og kunnskapsformidling som ikkje berre har resultert i hus for huslause, men like mykje til eit sosialt utviklingsprogram. Organiseringa av eigne byggjeprosjekt er ein langvarig og komplisert prosess, som er ulik frå stad til stad og frå gong til gong. Nokre sentrale kjenneteikn kan ein likevel peike ut.

KVINNEKOLLEKTIV
Det er kvinnene som byggjer hus. Kvinnene har ansvaret for borna, og dei prioriterer å halde familien tørr og varm. Dessutan har dei kunnskap om dei praktiske eigenskapane eit hus bør ha. Og kvinner byggjer i fellesskap. Organisering av sparegrupper er truleg det beste dømet. Gjennom slike grupper får kvinner kontroll over knappe pengeressursar, og disponerer i fellesskap summar som kan brukast i nødstilfelle eller til investeringar. Sparing er likevel ikkje det viktigaste med sparegrupper. Utbyttet ligg i viktige erfaringar, ny kunnskap og utvikling av evner. Sparegruppene er slik ein arena for horisontal utveksling av informasjon, kunnskap, erfaring. Ettersom fattige kvinner er hovudaktøren i arbeidet under heile prosessen med planleggjing, organisering, kartleggjing, teikning og byggjing, blir kunnskap og evner tekne i bruk og gjort synleg. Overlevingskompetanse frå år i uformelle "squatter"-byar, får no ei ny form i eit organisert formelt bustadprosjekt.

KUNNSKAP I HANDLINGANE
Det kan vere vanskeleg å forstå fullt ut den kunnskapskapital som er aktiv i desse prosjekta. Medan kunnskap ofte tar form av teoriar, ideologiar, bøker eller andre typar system, er det her tale om ein kunnskap som viser seg i form av handling og samhandling. Kunnskap blir då ikkje primært eit spørsmål om rett eller gale, men eit uttrykk for ønskje, val og resultat. Det er handlingane som formar situasjonen til ei kvar tid, ikkje definisjonen eller evalueringa.

For bustadlause er dette påtrengande i møte med byråkrati, entreprenørar, bankar og andre formelle institusjonar. Uformell kunnskap veg ikkje tungt sett opp mot universitetsutdanna profesjonalitet. Ein viktig del av arbeidet til People's Dialogue er derfor å revidere denne vektinga. Eit eksempel er deira alternative definisjon av profesjonisme som: "Å skape ærlege relasjonar med lokalmiljø, å godta kollektive val som legitime, å våge å utforske usikre alternativ og å gjere feil som ein kan lære av i fellesskap." Essensen er at kunnskap ikkje handlar om tekniske evner, men om evna til å samhandle.

Blogg
Maren Sæbø
Ansvarlig redaktør
Deres seksualitet, våre kvinner

Hvorfor manes det fram et bilde av mørke skumle menn i norske voldtektsdebatter?


Les mer | Bloggen

Fotoserie


Historiske forsider

I 2011 markerer Verdensmagasinet X 20 år som magasin med et bredere utsyn mot Verden. her er noen av forsidene fra de første ti årene


Se fotoserie | Alle fotoserier

Xotisk mat
Åndelig føde

Det er ikke så mange matvarer som både bedrer din fysiske og åndelige helse. Møt quinoa – inkaenes hellige korn.


Les mer | Xotisk mat

Xmag.no er et redaksjonelt uavhengig nettmagasin som inneholder artikler og saker fra Verdensmagasinet X. Verdensmagasinet X og Xmag.no utgis av Fellesrådet for Afrika, Latin-Amerikagruppene i Norge, Studentenes og Akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) og Utviklingsfondet.