Under NASEDEC-konferansen i Oslo 15.-17. juni i år innleia Fasheh med foredraget "Reclaiming our Lives and Regaining our Cultural Spaces", og freista under denne tittelen å problematisere temaet for konferansen: "Utdanning for alle - eit menneskeleg behov eller menneskerett." X nytta høvet til å intervjue palestinaren som, mildast talt, overraska forsamlinga ved å opne med å jamstille "Utdanning for alle" med "AIDS for alle".
Vi spurde Fasheh korleis han kunne trekke ein slik parallell. Kva er så farleg med utdanning?
-
Både Aids og utdanning drep det naturlege immunsystemet i menneske og
samfunn, og dannar i staden ei kunstig og farleg verd. Ved å kalle
utdanning kunstig, meiner eg at vi gjennom å utdanne presser mennesket
inn i tankesystem, strukturar og logikk som ikkje berre er abstrakte og
livsfjerne, men som óg øydelegg vår intuitive kunnskap om verda rundt
oss. Utdanning okkuperer livet med falsk kunnskap som hindrar oss i å
bruke og leve i våre kulturelle rom.
STRUKTURELL VOLD MOT KULTURELLE RO.
Fasheh
snakkar gjerne i metaforar og dikotomiar. Fleire gongar kjem han
tilbake til skilje mellom rammer og strukturar i motsetnad til innhald
og det han kallar kulturelle rom.
- Utgangspunktet mitt er at vi i
dag er fanga i strukturar av plastikkord, fine ord som likevel ikkje er
naturlege (jf. plastikkblomar). Eksempel er utdanning, demokrati,
utvikling og menneskerettar. Desse orda spring ikkje ut av dei reelle
erfaringane vi har, dei omhandlar ikkje den verda individa lever i. Om
vi kan avskaffe slike ord og praksisen dei representerer, kan vi skape
opningar og kulturelle rom (spaces) som let folk bruke eigne ord med si
eiga meining. Ved å fjerne fokus frå ramma og konsentrere oss om den
reelle verda vi lever i, frigjer vi rom der liv og meining let seg
møte. For Fasheh er det avgjerande at vi ikkje prøver å presse heile
verda inn i ei ramme:
- På same vis som stridsvogner kan rasere hus,
kan utdanning, utviklingsprogram og universelle deklarasjonar rasere
sjela ved å ignorere rikdomen og visdomen i kvar enkelt kultur og kvart
enkelt samfunn, og slik viske ut all ulikskap.
EI ANNA TILNÆRMING TIL LÆRING
I
staden for å utdanne, ønskjer Fasheh å skape eit rom der individet kan
snakke, lese og tenkje. Læraren skal ikkje gi svar, men skape
læringsmiljøet og rommet som let eleven finne svara sjølve. Som eit
eksempel brukar han ei tilnærming frå grunnskulen i Palestina. Gjennom
fleire veker førde læraren opp fråværet i klassen sortert etter
vekedagar. Etter ein månad merka elevane seg at det største fråværet
var på laurdagar, og læraren spurde då kvifor dei trudde det var slik.
Spørsmålet skapte ein ivrig diskusjon. Ein elev meinte det kom av at
fredag var fridag, og at det difor var vanskeleg å kome seg på skulen
dagen etter. Ein anna meinte at elevane ville vere heime med fedrane
sine som hadde fri på laurdagar (mange palestinarar arbeider i Israel
og har difor laurdag som fridag). Ein tredje meinte det kom av dårleg
kollektivtilbod dei dagane det var heilagdag i Israel. Fasheh slår fast
at ein slik diskusjon er langt meir verd enn bøker med standardiserte
eksem-pel og øvingar.
- Reint matematisk lærer elevane nytten av å
samle data som ein kategoriserer i ei ordna form, for slik å kunne få
fram fakta som ein så kan tolke. Like viktig er erfaringa av at det
ikkje finst berre ei autoritativ sanning, men fleire svar. Og ikkje
minst førde oppgåva til ein diskusjon om det samfunnet elevane er ein
del av. Med andre ord let læraren elevane lære seg statistikk som
kjentest relevant for dei tilhøva dei opplever dagleg. Poenget er å
lære av livet, ikkje om livet. Skal ein lære geografi, må ein ut å gå.
Skal ein lære historie, må ein snakke med dei eldre.
KUNNSKAP
I
dei fleste utdanningssystem måler ein kunnskap ved testar og prøvar.
Verdiar som rett og gale eksisterer i forhold til sedvanen i systemet
og i bokleg lærdom. Om vi vil rive læring laus frå alle autoritative
strukturar og bøker, kva skal vi då rekne som kunnskap? Fasheh svarar:
-
Eg vil definere kunnskap som det biletet av verda ein sjølv byggjer opp
i sitt eige hovud. Kunnskap er personlege opplevingar systematisert i
kvar person si eiga tankerekkje. Denne definisjonen medfører to
eigenskapar ved kunnskap som vi må rekne som nødvendige kriterier. For
det første må kunnskapen vere relevant på same vis som opplevingar er
det. For det andre må kunnskap vere samanhengande som indre bilete.
Ekte kunnskap er i denne forstand strengt personleg. I det ein freistar
å kommunisere slike indre bilete munnleg eller skriftleg, reduserer ein
dei til symbol på kunnskap. Om vi som lærarar skal ta inn over oss
dette, må vi vere villege til å diskutere og relatere alle påstandar,
'sanningar' og samanhengar slik at dei får meining for den enkelte
eleven. Maktar vi ikkje det, gir vi ikkje eleven kunnskap. Fasheh
brukar eit enkelt eksempel for å illustrere: Sonen på åtte år kom heim
og fortalde at dei i dag hadde lært at det var hygienisk å vaske seg på
hendene før ein skulle ete. Men ikkje lenge etter sette han seg likevel
uvaska til bordet, og Fasheh minna då sonen på kva han nettopp hadde
lært. Sonen svarar at det berre var noko han måtte hugse til neste
prøve.
1+1=?
For matematikaren Fasheh er
matematisk kunnskap lik all annan kunnskap, den er personleg. Han
reknar det som ei feil-oppfatning når vi skil mellom 'subjektive' fag,
som samfunnsfag, og 'objektive' fag, som matte. ñg matematiske
sanningar er avhengige av kultur, individ eller tid. Om 1=1 i teorien,
er aldri ein dollar lik ein dollar frå år til år, eller frå land til
land.
- Strengt tatt vil aldri "ein er lik ein" vere ein sann
påstand i den reelle verda. Difor er det så viktig at vi lærer matte på
ein meiningsrik måte. Ved å knytte den abstrakte og den reelle verda
saman, gjer vi faget både meir interessant og meir nyttig. Eg meiner at
hovudmålet for matteundervisning, som for alle andre fag, må vere å la
eleven tvile, undersøkje, oppdage, finne alternativ, og mest av alt,
skape nye perspektiv. Slik let matematikk seg bruke som eit verktøy å
lære toleranse med.
EIN GOD SKULE ER BETRE ENN EIN DÅRLEG SKULE
Munir
Fasheh er streng i sin kritikk av utdannings- og skulesystema i dag.
Medan andre kjempar for retten til utdanning, kjempar Fasheh for å
frigjere rom okkupert av utdanning. Men han legg vekt på at han av den
grunn ikkje er mot forbetring av skulen:
- Sjølv har eg arbeid i
over tjue år med forbetringar av skulen i Palestina. Ein god skule er
betre enn ein dårleg skule. Men vi må aldri lure oss sjølve til å tru
at dette er nok. Utdanning kan aldri frigjere våre liv og våre
kulturelle rom. I staden for å freiste å rive ned systemet, ligg
utfordringa og håpet i å byggje opp noko nytt og betre. Å finne rom til
å formulere og samtale i, tenkje og diskutere, handle og samhandle i.


Tips en venn