VERDENSMAGASINET X: Fordi verden er større 22.05.2012
Siste utgave
 {F6
Klikk på bildet, for å komme til X nr. 1/2012
{F6AA7E35DF5C}AA7E35DF5C}
Abonner!
Om x
 
Ansvarlig redaktør
og daglig leder:
Maren Sæbø


Adresse:
Fredensborgveien 6
0177 Oslo
redaktor@xmag.no
Om plastikkord og andre farer ved utdanning
"Enhver har rett til undervisning." Slik opnar Artikkel 26 i Verdserklæringa om Menneskerettane. Men ikkje alle ser undervisning og utdanning som eit gode. Den palestinske matematikkprofessoren Munir Fasheh meiner tvert om utdanning er ein fare for mennesket.
Av Svale Fossåskaret
15.02.2008

Under NASEDEC-konferansen i Oslo 15.-17. juni i år innleia Fasheh med foredraget "Reclaiming our Lives and Regaining our Cultural Spaces", og freista under denne tittelen å problematisere temaet for konferansen: "Utdanning for alle - eit menneskeleg behov eller menneskerett." X nytta høvet til å intervjue palestinaren som, mildast talt, overraska forsamlinga ved å opne med å jamstille "Utdanning for alle" med "AIDS for alle".

Vi spurde Fasheh korleis han kunne trekke ein slik parallell. Kva er så farleg med utdanning?
- Både Aids og utdanning drep det naturlege immunsystemet i menneske og samfunn, og dannar i staden ei kunstig og farleg verd. Ved å kalle utdanning kunstig, meiner eg at vi gjennom å utdanne presser mennesket inn i tankesystem, strukturar og logikk som ikkje berre er abstrakte og livsfjerne, men som óg øydelegg vår intuitive kunnskap om verda rundt oss. Utdanning okkuperer livet med falsk kunnskap som hindrar oss i å bruke og leve i våre kulturelle rom.

STRUKTURELL VOLD MOT KULTURELLE RO.
Fasheh snakkar gjerne i metaforar og dikotomiar. Fleire gongar kjem han tilbake til skilje mellom rammer og strukturar i motsetnad til innhald og det han kallar kulturelle rom.
- Utgangspunktet mitt er at vi i dag er fanga i strukturar av plastikkord, fine ord som likevel ikkje er naturlege (jf. plastikkblomar). Eksempel er utdanning, demokrati, utvikling og menneskerettar. Desse orda spring ikkje ut av dei reelle erfaringane vi har, dei omhandlar ikkje den verda individa lever i. Om vi kan avskaffe slike ord og praksisen dei representerer, kan vi skape opningar og kulturelle rom (spaces) som let folk bruke eigne ord med si eiga meining. Ved å fjerne fokus frå ramma og konsentrere oss om den reelle verda vi lever i, frigjer vi rom der liv og meining let seg møte. For Fasheh er det avgjerande at vi ikkje prøver å presse heile verda inn i ei ramme:
- På same vis som stridsvogner kan rasere hus, kan utdanning, utviklingsprogram og universelle deklarasjonar rasere sjela ved å ignorere rikdomen og visdomen i kvar enkelt kultur og kvart enkelt samfunn, og slik viske ut all ulikskap.

EI ANNA TILNÆRMING TIL LÆRING
I staden for å utdanne, ønskjer Fasheh å skape eit rom der individet kan snakke, lese og tenkje. Læraren skal ikkje gi svar, men skape læringsmiljøet og rommet som let eleven finne svara sjølve. Som eit eksempel brukar han ei tilnærming frå grunnskulen i Palestina. Gjennom fleire veker førde læraren opp fråværet i klassen sortert etter vekedagar. Etter ein månad merka elevane seg at det største fråværet var på laurdagar, og læraren spurde då kvifor dei trudde det var slik. Spørsmålet skapte ein ivrig diskusjon. Ein elev meinte det kom av at fredag var fridag, og at det difor var vanskeleg å kome seg på skulen dagen etter. Ein anna meinte at elevane ville vere heime med fedrane sine som hadde fri på laurdagar (mange palestinarar arbeider i Israel og har difor laurdag som fridag). Ein tredje meinte det kom av dårleg kollektivtilbod dei dagane det var heilagdag i Israel. Fasheh slår fast at ein slik diskusjon er langt meir verd enn bøker med standardiserte eksem-pel og øvingar.
- Reint matematisk lærer elevane nytten av å samle data som ein kategoriserer i ei ordna form, for slik å kunne få fram fakta som ein så kan tolke. Like viktig er erfaringa av at det ikkje finst berre ei autoritativ sanning, men fleire svar. Og ikkje minst førde oppgåva til ein diskusjon om det samfunnet elevane er ein del av. Med andre ord let læraren elevane lære seg statistikk som kjentest relevant for dei tilhøva dei opplever dagleg. Poenget er å lære av livet, ikkje om livet. Skal ein lære geografi, må ein ut å gå. Skal ein lære historie, må ein snakke med dei eldre.

KUNNSKAP
I dei fleste utdanningssystem måler ein kunnskap ved testar og prøvar. Verdiar som rett og gale eksisterer i forhold til sedvanen i systemet og i bokleg lærdom. Om vi vil rive læring laus frå alle autoritative strukturar og bøker, kva skal vi då rekne som kunnskap? Fasheh svarar:
- Eg vil definere kunnskap som det biletet av verda ein sjølv byggjer opp i sitt eige hovud. Kunnskap er personlege opplevingar systematisert i kvar person si eiga tankerekkje. Denne definisjonen medfører to eigenskapar ved kunnskap som vi må rekne som nødvendige kriterier. For det første må kunnskapen vere relevant på same vis som opplevingar er det. For det andre må kunnskap vere samanhengande som indre bilete. Ekte kunnskap er i denne forstand strengt personleg. I det ein freistar å kommunisere slike indre bilete munnleg eller skriftleg, reduserer ein dei til symbol på kunnskap. Om vi som lærarar skal ta inn over oss dette, må vi vere villege til å diskutere og relatere alle påstandar, 'sanningar' og samanhengar slik at dei får meining for den enkelte eleven. Maktar vi ikkje det, gir vi ikkje eleven kunnskap. Fasheh brukar eit enkelt eksempel for å illustrere: Sonen på åtte år kom heim og fortalde at dei i dag hadde lært at det var hygienisk å vaske seg på hendene før ein skulle ete. Men ikkje lenge etter sette han seg likevel uvaska til bordet, og Fasheh minna då sonen på kva han nettopp hadde lært. Sonen svarar at det berre var noko han måtte hugse til neste prøve.

1+1=?
For matematikaren Fasheh er matematisk kunnskap lik all annan kunnskap, den er personleg. Han reknar det som ei feil-oppfatning når vi skil mellom 'subjektive' fag, som samfunnsfag, og 'objektive' fag, som matte. ñg matematiske sanningar er avhengige av kultur, individ eller tid. Om 1=1 i teorien, er aldri ein dollar lik ein dollar frå år til år, eller frå land til land.
- Strengt tatt vil aldri "ein er lik ein" vere ein sann påstand i den reelle verda. Difor er det så viktig at vi lærer matte på ein meiningsrik måte. Ved å knytte den abstrakte og den reelle verda saman, gjer vi faget både meir interessant og meir nyttig. Eg meiner at hovudmålet for matteundervisning, som for alle andre fag, må vere å la eleven tvile, undersøkje, oppdage, finne alternativ, og mest av alt, skape nye perspektiv. Slik let matematikk seg bruke som eit verktøy å lære toleranse med.

EIN GOD SKULE ER BETRE ENN EIN DÅRLEG SKULE
Munir Fasheh er streng i sin kritikk av utdannings- og skulesystema i dag. Medan andre kjempar for retten til utdanning, kjempar Fasheh for å frigjere rom okkupert av utdanning. Men han legg vekt på at han av den grunn ikkje er mot forbetring av skulen:
- Sjølv har eg arbeid i over tjue år med forbetringar av skulen i Palestina. Ein god skule er betre enn ein dårleg skule. Men vi må aldri lure oss sjølve til å tru at dette er nok. Utdanning kan aldri frigjere våre liv og våre kulturelle rom. I staden for å freiste å rive ned systemet, ligg utfordringa og håpet i å byggje opp noko nytt og betre. Å finne rom til å formulere og samtale i, tenkje og diskutere, handle og samhandle i.

Blogg
Maren Sæbø
Ansvarlig redaktør
Deres seksualitet, våre kvinner

Hvorfor manes det fram et bilde av mørke skumle menn i norske voldtektsdebatter?


Les mer | Bloggen

Fotoserie


Historiske forsider

I 2011 markerer Verdensmagasinet X 20 år som magasin med et bredere utsyn mot Verden. her er noen av forsidene fra de første ti årene


Se fotoserie | Alle fotoserier

Xotisk mat
Pollo a la Cartagena -kylling på colombiansk
Salsarytmene strømmer ut av stereoanlegget, på kjøkkenet tar kokken noen dansetrinn. For anledningen er han iført trøya til det colombianske fotballandslaget. Vi er ikke i Colombia, men på Vålerenga, i Oslo.
Les mer | Xotisk mat

Xmag.no er et redaksjonelt uavhengig nettmagasin som inneholder artikler og saker fra Verdensmagasinet X. Verdensmagasinet X og Xmag.no utgis av Fellesrådet for Afrika, Latin-Amerikagruppene i Norge, Studentenes og Akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) og Utviklingsfondet.