Valdagen var prega av massive protestar ved valurnene og i gatene i Peru. Det var demonstrasjonar i byar over heile landet til forsvar for demokratiet. Nokre stader vart det meldt om valdsepisodar, og mange vart arresterte og skadde. Størst var protestane i Lima, Chimbote, Huancayo og Iquitos.
Peru sine borgarar røysta på president den 28. mai, men dei valte ikkje, av den enkle grunn at det berre var ein kandidat å røysta på. Fujimori sin motkandidat frå første valomgang i april, Alejandro Toledo frå alliansen Per Posible, sa den 18. mai at han ikkje ville stilla til valet den 28. mai. Han kravde at valet måtte utsetjast for å sikra at føresetnadene for rettferdige og transparente val var tilstades. Mellom anna krevde Toledo at datasystemet for oppteljing av røystene vart justert. Dette var ikkje påliteleg i første valrunde. Verken Fujimori eller utfordraren Toledo fekk over 50% av røystene i første valrunde den 9. april.
Mange blei overraska då den peruanske valkommisjonen berre 2 dagar før valdagen erklærte at valet skulle gjennomførast som planlagt. Kommisjonen hevda at Toledo framleis var kandidat. Toledo sjølv oppmoda folk om ikkje å røysta, eller å protestera ved å øydeleggja røstesedlane sine. Resultata av oppteljinga tala sitt tydelege språk. Meir enn 30% av dei avgitte røystene var ugyldige, og mange hadde påskrifta "nei til valfusk". Men å la vera å røysta, var ikkje noko alternativ. I Peru er røysting obligatorisk, og ein blir straffa med ei mulkt på 116 soles, tilsvarande ei halv månadsløn for ein vanleg peruanar, om ein ikkje stiller.
I følgje valrådet fekk Fujimori 50,3 prosent av røystene, medan Toledo fekk 16,2 prosent. Resultatet viser ein massiv misnøye med Fujimori sitt styre, og folket i Peru er splittad på midten.
ALLE MIDLAR
Fujimori har sikra seg
makt og greidd å bli sitjande som president ved å få parlamentet til å
endra grunnlova to gonger. Slik vart han attvald for andre gong, og kan
byrja på sin tredje presidentperiode. Regjeringa og
etterretningstenesta har gjort alt for å hindra ein demokratisk
valkamp. Svertekampanjar mot opposisjonskandidatane i tabloidavisene,
mobilisering av folk til å forstyrra valmøta til andre, drapstruslar
mot kritiske journalistar og overvaking av opposisjonen, er nokre av
midla som har vore nytta. Opposisjonen er -g blitt nekta sendetid på
TV.
Fujimori har dessutan reist land og strand rundt med matforsyningar og anna hjelp til nødstilte for å sanka røyster, og har nytta store summar på propaganda. Over heile landet er det malt slagord på veggar og gjerde av typen "Peru - eit land med framtid" ("Peru - pa's con futuro"). Dagens regjering kan overvinna krisa, er bod-skapen. Valpropagandaen har fokusert på alt Fujimori har fått til i løpet av dei ti åra han har sitte ved makta. Han er den presidenten i Perus historie som har hatt flest økonomiske ressursar å rutta med, og han har sett i verk ei rekke tiltak rundt om i landet: Asfaltering, bygging av irrigasjonsanlegg og vegar, og utbygging av elektrisitets- og telenett. Han blir også framstilt som "fredsskaparen". Fujimori har sigra over terrorismen; i dag er geriljagruppene Den lysande sti (Sendero Lum-inoso) og MRTA ubetydelege, og han har inngått fred med nabolanda Ecuador og Chile. Alt dette forklarer at mange støttar han, trass i aukande fattigdom, manglande demokrati, brot på menneskerettane og høg arbeidsløyse.
RØYSTER FOR MAT
42,5
prosent av hushalda i Peru nyt godt av statlege matforsyningsprogram.
På landsbygda når denne støtta heile 64,9% av befolkninga. I slumområda
i Lima får kvinner støtte til drift av små felleskjøkken.
- Desse
programma løyser ikkje problema til fattigfolk. Dette er ikkje vegen ut
av fattigdomen, men ein måte regjeringa vinn røyster og lojalitet på,
seier Gilda og Jessica som arbeider i organisasjonen Centro de
Promoción de Mujeres de los Pueblos Jóvenes (CEPROMUP). Dei to kvinnene
er sjølve busette i slummen.
- For oss som arbeider med organisering og bevisstgjering av kvinner i slummen, har valkampen tydd eit enormt tilbakesteg.
Kvinneorganisasjonen arbeider i Villa El Salvador, eit av dei største slumområda i Lima. Her er kvinnene utsette for eit enormt press. Den vanskelege livssituasjon deira gjer at dei er totalt avhengige av offentleg matforsyning, men dermed kjenner dei seg óg forplikta til å støtta opp om Fujimoris valkamp. Kvinnene stiller på valmøter; heile busslast blir køyrt avgarde for å sikra at det er nok folk. Dei små felleskjøkkena i slummen er utstyrt med propaganda for Fujimori og alliansen hans, Peru 2000. På veggene heng det plakatar og banner, og kvinnene har på seg forkle og tørkle med slagord på. Går dei ikkje med på dette, kan det bli stopp på den statlege støtta. Trugslane er reelle.
STILLE FØR STORMEN
Det
var ikkje mange folk eller stor entusiasme å spora i vallokala den 28.
mai. Det var merkverdig stille. Enkelte stader var oppbodet av politi
større enn talet på veljarar, vart det sagt litt spøkefullt. Det
einaste regelmessige ved denne valrunden var uregelmessigheitene,
skreiv avisa El Comercio; forseinkingar, manipulering, forsøk på å
hindra folk i å annullera røstesetlane sine, politimenn som medlemmer
ved valbordet m.m. At over 16% røysta på Toledo trass i at han trakk
seg frå valet, tyder -g på manglande informasjon. Ein stor del av
befolkninga har liten eller ingen tilgang på informasjon gjennom
aviser, radio og TV.
- Alle som bur her skal røysta på Toledo,
fortalde ein fjellbonde meg i landsbyen Pumapucllanan i fylket Ancash.
Saman med andre innbyggjarar i landsbyen var han på veg nedover den
bratte fjellsida for å røysta i ein større landsby ein halv dagsmarsj
unna.
- Har Toledo trukke seg, seier du? Nei, det har vi ikkje høyrt noko om!
Kvifor
trakk Toledo seg ti dagar før valet? Kritikarane uttalte at mannen var
psykisk ustabil, full av motsetnader og ute av stand til å ta avgjerder
-
ein utprega populist og retorikar. Sjølv seier Toledo at han trakk seg
i protest mot regjeringas manipulering av valkampen og Fujimori sin
manglande vilje til å sikra rettferdige val. Også internasjonale
observatørar som Carter-senteret, Organisasjonen av Amerikanske Statar
(OAS) og nasjonale observatørar knytta til organisasjonen Transparencia
var svært kritiske både til gjennomføringa av sjølve valet, og av heile
valprosessen.
- I dag byrjar tredje valrunde, sa Toledo til 60 000
menneske på San Martin-plassen i Lima berre nokre timar etter at
vallokala hadde stengt. Han oppmoda til fredeleg motstand og fortsette
kampanjen for nyval.
SKOPUSSAR OG INDIANAR
-
Toledo er ikkje nødvendigvis ein ideell kandidat, men ingen kan vera
verre enn Fujimori. Svært mange støttar Toledo fordi dei vil ha ein
slutt på Fujimori sitt autoritære styre, seier Maria Rosa Lorbes, leiar
av den katolske organisasjonen Instituto Bartolomó de las Casas.
- Spørsmålet er kva han står for politisk. Han bør snart endra retorikken sin og presentera nokre alternativ.
Dei politiske partia i Peru er sterkt svekka, og opposisjonen er splitta. Valkampen handlar ikkje om politiske alternativ, men om image og appell hos ei rekke uavhengige kandidatar. Toledo appellerer til nasjonalkjensla. Han er indianar og kjem frå enkle kår, men har arbeidd seg oppover frå skopussar til økonom utdanna i USA. Og han er gift med ei vakker og intelligent kvinne frå Europa som snakkar quechua. På mange måtar representerer han sjølve draumen om eit anna liv og vegen ut av fattigdomen. Samstundes er han neppe noko radikalt alternativ til Fujimori. Han står for den same økonomiske modellen, om enn med ein tydelegare sosial profil. Først og fremst representerer han noko nytt med omsyn til vektlegginga på demokrati og menneskerettar.
Toledo har fått mange med seg. Tusenvis av menneske har dei siste månadene storma ut i gatene, særleg ungdom og studentar. "Basta la dictadura" - "No har vi hatt nok av diktatur" - er taktfaste rop frå folkemengda. For første gong sidan Fujimori kom til makta i 1990, har det oppstått ein talrik og militant opposisjon, og massiv intern kritikk. Sidan valet har situasjonen tilspissa seg, med mange demonstrasjonar - nokre av dei har vore valdelege. Den dagen Fujimori skulle innsetjast, vart det sett fyr på bygningane til valrådet og statsbanken, 6 menneske vart drepne og 80 skadde. Kanskje er folk frå opposisjonen ansvarlege, men det vert også hevda at etterretningstenesta har folk som infiltrerer demonstrasjonane for å provosera fram vald. Alle skuldar på alle.
DEMOKRATIHJELP
Trass
Fujimoris maktbruk for å sikra altval, blir Peru neppe utsett for
internasjonale sanksjonar. Så lenge Fujimori er ein samvitsfull og
lojal betalar av utanlandsgjeld, ein som opnar landet for utanlandske
investeringar, og ein god alliert i kampen mot terrorisme og
narkotikahandel, vert han sett på som nyttig av internasjonale aktørar
som Verdsbanken og IMF. Men reaksjonane har ikkje uteblitt fullstendig.
Det vart lenge spekulert i om Organisasjonen av Amerikanske Statar
(OAS) ville fordømma vala i Peru, og kreva nyval. Det har ikkje skjedd,
men OAS har overlevert ei liste med forslag til reformar som det blir
forventa at Fujimori- administrasjonen iverksett. Forslaga omfattar
tiltak for å styrkja respekten for menneskerettane og ytrings- og
pressefridomen, endring av valsystemet, sikra uavhengig rettsvesen og
media, kamp mot korrupsjon og sivil kontroll med etterretnings- og
militærvesen.
Det store spørsmålet er om Fujimori vil retta seg etter forslaga. USA har bedt Peru om å godta samarbeid med OAS, og sagt at USAs framtidige haldning til Peru avheng av dette. Den nye demokratirørsla kan tyda slutten for Fujimori og starten på noko nytt, men det er også fare for at Fujimori strammar til grepet og blir enda meir autoritær enn det han har vore til no.


Tips en venn