VERDENSMAGASINET X: Fordi verden er større 18.06.2013
Siste utgave
 
Verdensmagasinet X 2/2013
{F6{F6AA7E35DF5C}AA7E35DF5C}
Abonner!
Om x
 
Ansvarlig redaktør
og daglig leder:
Maren Sæbø


Adresse:
Fredensborgveien 6
0177 Oslo
redaktor@xmag.no
Økonomisk separatisme
Etter militærdiktaturets fall i Nigeria kjem folks frustrasjon til overflata, og stadig fleire grupper krev sjølvstyre. Grunnlaget ligg i sentralmakta si manglande fordeling av økonomiske ressursar.
Av Ingrid Samset
15.02.2008

Dei siste månadene har nigerianske styresmakter måtta takle heftig politisering av etnisk identitet. Enkelte delstatar i det multireligiøse landet har innført islamsk lov, minst tusen menneske har blitt drepne og representantar for stadig fleire grupper uttrykker ønske om lausriving.
"Det finst ikkje noko du kan kalle Nigeria" seier Beko Ransome-Kuti, som representerer ei av separatistrørslene som breier om seg i Nigeria. I følgje RansomeKuti ser innbyggjarane i Afrikas mest folkerike stat på seg sjølve snarare som hausa, yoruba, igbo eller som del av ei anna etnisk gruppe, enn som nigerianarar.

Det har dei gjerne gjort i generasjonar. Det oppsiktsvekkjande ved utsegn som Ransome- Kuti sitt er at dei i det heile tatt får kome fram i nigerianske medier. Under militærdiktaturet kunne tilsvarande utsegn fått strengaste straff. Men Nigeria er no eitt år på veg inn i sin tredje republikk etter sjølvstendet for 40 år sidan. Dagens demokratisk valde president, Olusegun Obasanjo, var sjølv militærdiktator frå 1976 til 1979 - noko som gjorde han til kompromisskandidat ved overgangen til demokrati i fjor. Folk flest håpte på at det militære ville gi sin eigen mann ein sjanse, og generalane på at Obasanjo ikkje ville la dei heilt i stikken.

FOTBALL OG GENERALAR
For forutan fotballandslaget, er det særleg militæret som har gitt innhald til ideen om 'Nigeria'. I to tredelar av den postkoloni-ale perioden har generalar styrt landet, og det ville vore naivt å tru at deira politiske makt no er fordufta. Mange ser Obasanjo som militærmakt forkledd i demokratiske fargar. Og om ikkje presidenten innfrir generalane sine interesser, har dei meir enn nok av ressursar til å kaste han.

Eit hovudproblem for regimet i forsøka på å byggje ein nasjon av dei tallause folkegruppene innanfor Nigeria sine grenser, er at den militære og politiske makta har vore konsentrert i ein region. Nords dominans har vekt aukande reaksjonar i sør. Periferiens motstand i Nigeria - som i dag kjem til uttrykk som krav om lokalt sjølvstyre - har store økonomiske konsekvensar. Det handlar om olje.

SVARTE AFRIKA
Konsentrasjonen av politisk makt i dei nordlege regionane er ikkje minst komplisert fordi det økonomiske grunnlaget for makta er å finne i eit heilt anna hjørne av Nigeria. Mistar staten det oljerike søraust, mistar det fundamentet for si makt. I 1966-67 kom det fram kor intenst staten vil kjempe for å halde på dette området, da den søraustlege provinsen Biafra erklærte seg sjølvstendig. Borgarkrigen endte med sultedøden for ein million menneske.

For dei som overlevde fortsatte sentralstyret. Som militærdiktator gjorde dagens president Obasanjo alle naturressursar i Nigeria til statens eigedom. Men sentraliseringa av makt er ikkje ny, den skriv seg tilbake til sjølve kjernen i kolonistaten. Da britane etablerte seg ved kysten inst i Guineabukta for å dra nytte av råvarene i områda innanfor, blei det fort problematisk at kvar nye folkegruppe dei møtte hadde sine distinkte tradisjonar og språk. Det toppa seg da Storbritannia på Berlinkonferansen i 1885 overtok området til hausa- og fulanifolket i nord frå Frankrike, i bytte mot Madagaskar. Som muslimar lot folka i nord seg nemleg ikkje så lett kristne som afrikanarene i Sør.

For å få ut profitt av dette kulturelle lappeteppet som dei kalte Nigeria, installerte britane eit finslipt system av sentralisert kontroll. Fortenesta fekk dei gjennom å ta det dei kunne finne av verdi i området, i form av skatt, jord og arbeidskraft. Ved å nytte lokale høvdingar til innkrevjinga, skapte dei ei klasse med lojal administrasjon av dei få og ei av undertrykte arbeidarar av dei mange. For å hindre organisering mot styret, blei dei administrative grensene dratt på kryss og tvers av lokalsamfunn. For å halde på eigen verdi i ein situasjon der folk vart rivne opp frå sitt og sine, søkte afrikanarane identitet og støtte i si eiga gruppe - mot dei andre. Englands sentraldirigerte indirekte styre politiserte dermed etnisitet gjennom å bryte opp lokalsamfunn og utnytte lokalbefolkninga. Under låg eit motiv om økonomisk utbytte.

STATEN OG SHELL MOT FOLKET
Dette motivet ser ut til å leve i beste velgåande også i dag. Alliansen mellom stat og kapital i Nigeria kan illustrerast av ogonifolkets pågåande kamp mot Shells oljeverksemd i deira område. Ken Saro-Wiwa gjorde kampen verdskjent da staten dømte han og åtte andre motstandskjemparar til døden i 1995.

Sjølv om Nigeria sidan har innført formelt demokrati, kan ein spørje kva som har endra seg i praksis.
- Du kan lure på om det i det heile tatt har skjedd endringar i Nigeria, seier advokaten Femi Falana. I 1995 forsvarte han ein av dei som overlevde skuldingane frå staten, Ledum Mitee. Ledum Mitee leiar nå ogonifolkets motstandsrørsle Movement for the Survival of the Ogoni People (Mosop).

Nyleg måtte Falana igjen forsvare Mitee da han blei vilkårleg arrestert. Bakom ligg Mosops motstand mot ein veg Shell vil byggje inn i Ogoniland. I vegområdet har staten sett inn politi som i det siste har arrestert og drept mange lokale innbyggjarar og brent ned husa deira. Menneskerettsorganisasjonar hevdar at Shell og andre oljeselskap sponsar politiet og paramilitære grupper for å terrorisere samfunn i det oljeproduserande Nigerdeltaet.

I løpet av dei siste tretti åra har Shell henta opp olje verdt tretti milliardar dollar frå Ogoniland. Ogonifolket har verken skikkeleg skulesystem, helsestell, elektrisk straum eller reint drikkevatn.

SEPARATISME FOR OMFORDELING
Som under det britiske kolonistyret, blir Nigeria s ressursar framleis utnytta fordi kapital utanfra treng å vekse. I dag er denne kapitalen global. Nigeria er Afrikas største og verdas femte største oljeprodusent. Staten får 80 prosent av inntektene og over 90 prosent av eksportinntektene frå sal av olje. Nær halvparten av olja blir kjøpt av USA.

I jakta på oljeprofitt har staten latt jordbruk og industri forfalle. Og med mindre lokal verdiskaping, har kampen om dei sentrale ressursane blitt stadig meir kløvande. Antal delstatar er tredobla sidan Biafrakrigen, men BNP per capita idag er gått ned til ein fjerdedel av det det var for ti år sidan. Fordelinga av ressursane blir stadig skeivare. Store delar går rett til utanlandske oljeselskap, som staten er så avhengig av at den ikkje tør å presse. Sentralmakta sjølv gjer kraftige innhogg.

Den totale avhengigheta av oljeinntekter gjer det usannsynleg at den nigerianske stat vil godta substansiell desentralisering av makt. Obasanjo kallar krava om sjølvstende forræderi, og har USA i ryggen. Det kan få alvorlege konsekvensar for amerikansk økonomi dersom lokalt styre i sør-aust- Nigeria vil kutte ned på eksporten av to millionar oljefat dagen.

Obasanjo argumenterer for at trykket nedanfrå vil lette så snart hans politikk gjer folks situasjon betre gjennom å skapa økonomisk vekst. Men vil den gjere det? Neppe utan omfordeling av landets rikdom, og satsing på lokal verdiskaping og produksjon framfor sentralisert økonomisk kontroll. For lausrivning er gjerne et middel for å oppnå ein meir rettferdig fordeling. Det målet kan også bli nådd i eit samla Nigeria, om den politiske vilja til å utfordre militær og økonomisk makt er til stades.

Blogg
Maren Sæbø
Ansvarlig redaktør
Mer oljespill

Studiestipender og et forskningssenter som ennå ikke eksisterer. Oljeselskapene betaler milliarder i bonuser i Angola, uten at vi helt vet hva pengene går til. Ikke vår rett å kreve informasjon om dette, mener Statoil


Les mer | Bloggen

Fotoserie


Overlevelse

For noen handler klimamøtet i København om mer enn prosentregning. Verdensmagasient X besøkte i september 2009 Bangladesh. Alle bilder: Saikat Mojumder


Se fotoserie | Alle fotoserier

Xotisk mat
Bare barnemat
Det er ganske forskjellig hva barn spiser verden rundt. La ungene få være med å lage retter fra hele verden.
Les mer | Xotisk mat

Xmag.no er et redaksjonelt uavhengig nettmagasin som inneholder artikler og saker fra Verdensmagasinet X. Verdensmagasinet X og Xmag.no utgis av Fellesrådet for Afrika, Latin-Amerikagruppene i Norge, Studentenes og Akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) og Utviklingsfondet.