VERDENSMAGASINET X: Fordi verden er større 18.05.2012
Siste utgave
 {F6
Klikk på bildet, for å komme til X nr. 1/2012
{F6AA7E35DF5C}AA7E35DF5C}
Abonner!
Om x
 
Ansvarlig redaktør
og daglig leder:
Maren Sæbø


Adresse:
Fredensborgveien 6
0177 Oslo
redaktor@xmag.no
Foto: wikimedia commons
Egyptisk demokratirørsle- når nok er nok

Demokratirørsla i Egypt oppstod ikkje på Facebook eller twitter. Dei siste ti årene har den stadig vore i gatene, i solidaritet med palestinarane, i protest mot krigen i Irak. Og til slutt, mot sjølve det politiske systemet i Egypt

Av Ingrid Balterzen
23.02.2011
Del på Facebook

At folket tok til gatene i Egypt, i så breitt omfang, overraska dei fleste både der og internasjonalt. Men kimane har vore der det siste tiåret: frå dei store demonstrasjonane og innsamlingane til støtte for den palestinske intifadaen i 2000; antikrigsdemonstrasjonane mot åtaket på Irak i 2003; demokratirørsla Kifaya som for første gong opent sa nei til Mubarak; til streikane mot inflasjon i industribyen Mahalla i 2008. «6. april-ungdommen», som har blitt bruka til mobilisering av demonstrasjonane no, var opphavleg ei side til støtte for generalstreiken i Mahalla 6. april 2008.

Egypt har vore eit presidentstyre, der presidenten både formelt og i praksis har stor makt. Tidligere president Hosni Mubarak blei sist gjenvald i eit val med fleire kandidatar i september 2005. Tidlegare presidentval har vore folkeavstemmingar med ein kandidat. Landet har hatt eit fleirpartisystem, men det einaste lovlege partiet som har hatt stor oppslutning er det statsberande partiet National Democratic Party (NDP). Den største opposisjonsrørsla er dei muslimske brørne (MB). Det finst ein del mindre opposisjonsparti, men dei har lite oppslutning. Førre parlamentsval var i 2005. Då gjekk den muslimske brorskapen fram frå 17 til 88 representantar. NDP gjekk tilbake, men hadde framleis over 2/3 av representantane og den legale opposisjonen gjekk svakt tilbake. I parlamentsvalet sist haust tok regimet konsekvensen av framgangen til MB. Organisasjonen blei fullstendig utradert frå parlamentet i eit val prega av juks og vald frå myndigheitene.

Kontroll og unntakslovar

Det finst lite presse- og organisasjonsfridom i Egypt. Det har vært vanskeleg å få løyve til demonstrasjonar eller berre til og dela ut flygeblad, så dei legale partia og organisasjonane har vært avgrensa til sine eigne lokale, eller til demonstrasjonar rett utfor lokala. Det er ikkje lov å ha religiøse parti, så den største opposisjonsrørsla må stilla som enkeltkandidatar. Egypt har levd under unntakslovar sidan attentatet på presdient Anwar Sadat i 1981.

Opposisjonsparti- og aktivistar som utfordrar regimet har risikert represjonar. Den viktigaste motkandidaten i presidentvalet i 2005, Ayman Nour, blei arrestert og dømt til fire års fengsel for å skulla ha forfalska underskriftslistene han bruka for å få stifta partiet sitt. Jamleg blir leiarar og aktivistar i Dei muslimske brørne arresterte for å vera medlem i ein ulovleg organisasjon. Aktivistar har blitt fengsla i årevis utan lov og dom, og utsett for overgrep. Kvinner som har demonstrert har blitt seksuelt trakasserte av bøller som politiet berre let herja på. Opposisjonen har vore der, men har mangla styrke på grunn av represjonane.

Det har vore fleire periodar i moderne tid med meir open kritikk og motstand mot regimet. Dei Unge offiserane kom til makta i eit folkeleg støtta kupp i 1952, men dei kutta fort banda og innførte strenge restriksjonar på sine tidlegare samarbeidspartnarar som den muslimske brorskapen. Gamal Abd al-Nasser sørgja for å få til lovendringar som konsentrerte all makta hos presidenten, noko etterfølgjarane Anwar Sadat og Hosni Mubarak har fortsett på. Men dei har ikkje klart å kvela opposisjonen heilt, sjølv om dei fleste opposisjonsrørslene stort sett har vore forbodne i heile denne perioden.

På slutten av sekstitalet skjedde det ei radikalisering av unge studentar, på same måte som i resten av verda. I Egypt var folk også skuffa over tapet mot Israel i 1967-krigen, og over eit regime som ikkje lengre klarte å levera jobbar til studentar og subsidierte matvarer til dei fattige. Det blei eit oppsving i aktivitet mot regimet, alt frå spontan arbeidardemonstrasjon mot at ein offiser ikkje blei dømt hardt for å ha tapt mot Israel, til opptøyar mot auka brødprisar i 1977. Men mesteparten av aktiviteten skjedde på universitetsområda, der islamistar og venstresideaktivistar konkurrerte om dei engasjerte studentane. President Sadat såg på venstresideaktivistane som meir trugande for regimet enn islamistane, så han opna meir for deira aktivitet. Dette slutta brått då Sadat blei drepen av ein medlem av gruppa Islamsk jihad og Mubarak tok over i 1981.

Solidaritet med palestinarane

Mykje av den politiske aktivismen i Egypt har starta med forholdet til Israel og solidaritet med palestinarane. Delvis fordi det å ta opp innanrikspolitiske spørsmål har vore hindra av restriksjonar, mens ein ikkje kan gjera det i forhold til spørsmålet om Israel sin okkupasjon utan å framstå som umoralsk. Og spørsmålet engasjerer folk av alle lag. Både opprettinga av staten Israel og Egypt sitt tap i krigen i 1947-1948, tapet i 1967 og fredsavtalen i 1979, skapte stor misnøye. Det interessante er at protestane ganske fort har gått over i innanrikspolitikk. Det same såg ein på 2000-talet med al-aqsa-intifadaen. Det palestinske opprøret mot Israels okkupasjon engasjerte egyptarane, og det blei laga mange innsamlingsaksjonar og demonstrasjonar. Opptakten til Irak-krigen i 2003 gjorde det same. Regimet tillét aktivitetane, sjølv om dei samtidig forsøkte å kontrollera dei. Og med god grunn, etter kvart byrja regimekritiske slagord også å dukka opp i demonstrasjonane.

I 2004 blei den egyptiske rørsla for endring, Kifaya, stifta av ein del kjende egyptiske intellektuelle. Dei utnytta rommet som var skapa av at folk var vande med å demonstrera til støtte for palestinarane og irakarane, og at regimekritikk hadde kome til overflata. Kifaya blei samanlikna med dei andre oppstendene som hadde ført til regimeskifte på den tida, som «oransjerevolusjonen» i Ukraina og «roserevolusjonen» i Georgia. Kifaya var dei første som brøyt tabuet om å laga demonstrasjonar som opent kritiserte presidenten. Men rørsla ebba ut etter eit par år med mindre og mindre demonstrasjonar, og dei sentrale personane er i gang med nye tilsvarande prosjekt.

Det har vore ein del streikar dei siste par åra i Egypt. Streikane har vore mot låge lønningar og høg inflasjon, og dei har stort sett ikkje kopla seg til dei eksisterande partia og rørslene. Streikerørsla i Mahalla i 2008 var eit vendepunkt for det, facebookgruppa «6. april-ungdommen» var laga som ei støttegruppe for streikane, men har blitt bruka for å mobilisera til demonstrasjonane no i februar. Samankoplinga av ulike politiske initiativ og rørsler er nok det som har gjort at opprøret som starta 25. januar har haldt så lenge. Spesielt viktig er det at muslimbrørne torer å delta i opprøret mot presidenten.

Ny teknologi

Eksplosjonen av relativt uavhengige arabiske tv-kanalar, spesielt al-Jazeera, har vore avgjerande for spreiing av informasjon. Folk i den arabiske verda får nyhende i eit heilt anna tempo enn før, og mindre sensurert. Informasjon om det som skjer i verda kjem rett inn i heimane eller på qahwaen (kafeen) der folk sit og slappar av, i staden for at det kjem eit par dagar etter på statskanalen, redigert og sensurert. Land som Iran har forsøkt å avgrensa tilgangen til parabol-tv gjennom forbod, men der òg ser folk på det, dei berre kjøper små parabolantenner som lett kan tas opp og ned, eller gøymer parabolantenna bak klesvasken.

Dei uavhengige TV-kanalane har kringkasta engasjerande bilete, som då barnet Muhammad al-Durrah blei drepen av israelske snikskyttarar i 2000, og inspirerande bilete som regimeskiftet i Tunisia, eller demonstrasjonane på Tahrir-plassen i Kairo no i vinter. Ein ser at det egyptiske regimet forsøkte å hindra dei å senda, samt diskreditere kanalen. Men når mange nok ikkje stoler på myndigheitene fungere det likevel dårlig

Store delar av den fattige befolkninga i Egypt bur i slumliknande kvarter utan offisiell infrastruktur som strøm og kloakk. Men det er TV på kafeen, eller heime viss ein har tjuvkopla strøm, og mobil unnar mange seg. Relativt mange har tilgang på internett i Egypt, rundt 20 millionar brukarar av ei befolkning på 80 millionar. Det har vore ei eksplosiv vekst av nettbruk dei siste åra, og nettet har gått frå å vera ein måte å kommunisera med utlandet, til å vera ein måte å mobilisera folk i Egypt. Som i mange fattige land er mobiltelefon utbredt, det er fleire mobiltelefonar enn det er fasttelefonliner, med rundt 55 millionar mobilar. SMS-mobilisering har vore ein viktig måte å få folk i demonstrasjonane, og desto meir øydeleggande når regimet skrudde av mobilnettet.

Misnøgd middelklasse

Dei som har blitt intervjua av vestlege journalistar, er ofte utdanna folk som er frustrerte over manglande jobbar og dårleg lønn i offentleg sektor. Ein lærar har eit yrke med høg status, men tener ofte 6-800 kr i månaden, noko som er alt for lite i forhold til utgiftene til ein familie. Resultatet er korrupsjon gjennom tilbod om «ekstraundervisning», eller at dei arbeider i privat sektor på kvelden og natta, kjører drosje eller reparerer bilar. Og det er vanskeleg å ha råd til å gifta seg, i ei befolkning med millionar i gifteklar alder. Mange av dei som har demonstrerert no høyrer nok til den utdanna middelklassen, som ser at dei ikkje har nokon framtid, og at dei må vera korrupte for å komma nokon stad. Men det er også ein del fattigare folk som har tatt til gatene, frustrerte over inflasjon, kutt i subsidiane på basisvarer og korrupsjon.

Felles med protestbølgjene på seksti- og syttitalet ser me i dag at protestane kjem når regimet står svakt på grunn av ein svak leiar og vanskeleg økonomisk situasjon, og at tidlege protestar skapar politisk liberalisering, som opnar for at fleire torer å delta. I 1977 stramma Sadat stramma inn igjen etter protestane. Motstandarane av presidenten blei kvitt han personleg, ved attentat tre år seinare. Men militærregimet bestod, og blei vidareført av Mubarak. I skrivande stund er det uklart om det vil lykkas demonstrantane denne gong å forandre Egypt meir grunnleggande.

Ingrid Balterzen har ein mastergrad i Midtausten- og Nord-Afrikastudier frå Universitetet i Oslo, der ho i 2008 leverte oppgåva «Kifaya- nok er nok, eller fortsatt ved det gamle. Ein studie av ei egyptisk demokratirørsle».

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.

Del på:

Tips en venn

Blogg
Maren Sæbø
Ansvarlig redaktør
Deres seksualitet, våre kvinner

Hvorfor manes det fram et bilde av mørke skumle menn i norske voldtektsdebatter?


Les mer | Bloggen

Fotoserie


Historiske forsider

I 2011 markerer Verdensmagasinet X 20 år som magasin med et bredere utsyn mot Verden. her er noen av forsidene fra de første ti årene


Se fotoserie | Alle fotoserier

Xotisk mat
Østover
Indonesiske kulinariske tradisjoner er preget av at landet alltid har ligget midt i løypa for internasjonal ferdsel. Mangfold er stikkordet også for maten fra dette mangfoldige øyriket. Her er en smakebit.
Les mer | Xotisk mat

Xmag.no er et redaksjonelt uavhengig nettmagasin som inneholder artikler og saker fra Verdensmagasinet X. Verdensmagasinet X og Xmag.no utgis av Fellesrådet for Afrika, Latin-Amerikagruppene i Norge, Studentenes og Akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) og Utviklingsfondet.