VERDENSMAGASINET X: Fordi verden er større 15.03.2010
Siste utgave
 
{F6AA7E35DF5C}
Abonner!
Om X
Ansvarlig redaktør og daglig leder:
Maren Sæbø


Adresse:
Osterhausgate 27
0183 Oslo
Telefon: 22989332
Egypt
Egypt

Samstundes med at President Hosni Mubarak strammar grepet om makta, forverres stadig forholda for den jamne egyptar.

Av Ingrid Balterzen
23.03.2009
Del på Facebook

Egypt er eit presidentstyre, der presidenten både formelt og i praksis har stor makt. President Hosni Mubarak har styrt landet sidan 1981, han blei sist gjenvald i eit val med fleire kandidatar i september 2005. Fram mot presidentvalet i 2011 blir det interessant å sjå kven som blir lansert som presidentkandidatar. Presidentsonen Gamal Mubarak blir sett på som ein sannsynleg arvtakar, men dette har møtt motstand i opposisjonen som er svært kritiske til arvestyre. Det er også usikkert korleis det sterke militærapparatet vil reagera på kandidaturet, ettersom dei førre presidentane alle tre var sentrale i rørsla "dei frie offiserane" som tok over makta i 1952, mens Gamal Mubarak ikkje har nokon militær bakgrunn. Presidentstyret i Egypt baserer seg på ein sterk president med folkeleg oppslutning, og ein situasjon med ein svakare president vil skapa opning for nye konstellasjonar.

Politisk stagnasjon
Tidlegare presidentval har vore folkeavstemmingar med ein kandidat. Landet har eit fleirpartisystem, men det einaste lovlege partiet som har stor oppslutning er det statsberande partiet National Democrati Party (NDP). Den største opposisjonsrørsla er dei muslimske brørne. Det finst ein del mindre opposisjonsparti, men dei har lite oppslutning. Førre parlamentsval vart i 2005, då gjekk den muslimske brorskapen fram frå 17 til 88 representantar, NDP gjekk tilbake, men har framleis over 2/3 av representantane og den legale opposisjonen gjekk svakt tilbake.
I mars 2007 blei det gjennomført ei rekkje grunnlovsendringar på initiativ frå president Mubarak. Forbod mot religiøse parti blei formalisert i dei nye endringane, noko som vil hindra dei Muslimske Brørne å stifta parti. Det blei også vedteke ei endring av valprosedyre i retning av forhåndstalsval, noko som vil hindra enkeltpersonar å stilla til val. Dette er også ei hindring for den muslimske brorskapen som ikkje er eit godkjent parti og difor stiller som enkeltpersonar. I den nye lova er også referansar til sosialisme fjerna, desse formuleringane kom inn i lova på 60-talet. Den viktigaste endringa var at unntakstilstanden som landet har blitt styrt under sidan 1981, no i praksis er tatt inn i grunnlova gjennom vide fullmakter i kamp mot terrorisme. Presselova blei revidert i 2006 utan at venta endringar som ville gjort det enklare å kritisera regimet for korrupsjon gjekk gjennom.
Opposisjonsparti- og aktivistar som utfordrar regimet risikerer represjonar. Den viktigaste kandidaten i presidentvalet i 2005, Ayman Nour, blei arrestert og dømt til fire års fengsel for å skulla ha forfalska underskriftslistene han bruka for å få stifta partiet sitt. Jamnleg blir leiarar og aktivistar i Dei muslimske brørne arresterte for å vera medlem i ein ulovleg organisasjon.

Sosiale og økonomiske forhold
Statsminister Ahmed Nazif starta i 2005 ein økonomisk reform for privatisering og kutt i subsidie. Omstruktureringa av økonomien skjedde i samarbeid med IMF. Resultatet av reformane er at Egypt har hatt høg auke i brutto nasjonalprodukt dei siste åra, med fem prosent i 2005-2006 og over sju prosent i 2007, og ei auke i utanlandske investeringar. Men situasjonen har samtidig blitt værre for den jamne egyptar, statsbudsjettet går med underskot, dei har høg inflasjon, og forskjellane mellom folk aukar.
6.-7. april 2008 var det generalstreik og arbeidaropptøyer i industribyen al-Mahalla al-Kubra. Streiken var mot inflasjonen i den egyptiske økonomien. Demonstrasjonen samla tusenvis av deltakar og blei møtt med brutal politivald, der ein tilskodar blei drepen og over hundre menneske blei skada. Fleire hundre blei arresterte i demonstrasjonane som foregjekk over heile Egypt våren 2008. Det var også forsøk på å samla opposisjonen til generalstreik 4. mai, men denne streiken blei ignorert av myndigheitene og viste lite igjen på gata.
Den høge inflasjonen i Egypt og den generelle auka i matvareprisar verda over har ført til store problem med å dekka matvarebehovet i Egypt. Fattigfolk som tidlegare har hatt det trangt har no fått ein umogleg situasjon, og dei som har greid seg greit tidlegare må no bruka subsidierte gode, noko som presser tilbodet. Folk har blitt skada og drepne i konfliktar i matkøane. Dei høge prisane har også ført til arbeidskonflikter for høgare lønn.
Egypt sine hovudinntektskjelder er olje, inntekter frå Suez-kanalen, turisme, bistand, samt pengeoverføringar frå egyptarar i utlandet. Egypt er den tredje største bistandsmottakaren frå USA, berre Israel og Irak får meir. Hovudeksportvare etter olje er bomull.

Ingrid Balterzen er mastergradstudent i Midtøsten- og Nord-Afrikakunne og har gjort feltarbeide i Egypt.
Denne landprofilen er henta frå Afrika-årboka 2008

Del på:
NettBY

Tips en venn

Blogg
Maren Sæbø
Ansvarlig redaktør
Kjendisenes folkemord

Har kjendisenes forsøk på å redde befolkningen i Darfur vært mer til skade enn til gavn?


Les mer | Bloggen

Fotoserie


Overlevelse

For noen handler klimamøtet i København om mer enn prosentregning. Verdensmagasient X besøkte i september 2009 Bangladesh. Alle bilder: Saikat Mojumder


Se fotoserie | Alle fotoserier

Xotisk mat
Magisk mikstur
Jeg har fått tak i en hemmelighet. Og denne er av en slik art at du bare vinner venner ved å fortelle den videre.
Les mer | Xotisk mat

Xmag.no er et redaksjonelt uavhengig nettmagasin som inneholder artikler og saker fra Verdensmagasinet X. Verdensmagasinet X og Xmag.no utgis av Fellesrådet for Afrika, Latin-Amerikagruppene i Norge, Studentenes og Akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) og Utviklingsfondet.